Det er veke nummer 08 (vinterferien) 11, 15, 19, 35, 38, 41 og 47 at ambulansetenesta i Stryn får redusert beredskap. Helse Førde vil altså fjerne dagbilen desse vekene for å spare mellom 1,6 og 1,8 millionar kroner.

Det har blitt stilt spørsmålsteikn ved tryggleiken til innbyggjarane i fylket dei vekene tiltaket skal gjennomførast.

Tillitsvald i fagforbundet Ambulansetenesta i Sogn og Fjordane, Leiv Johnny Fjellro, krev ein Risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) før beredskapskutt. Han meiner at årsaka til kutta er innsparingar, og avviser ambulansesjefen sin påstand om at forklaringa og heng saman med «manglande kompetanse».

Skal ha færre vikarar

Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov seier framleis at årsaka er samansett av økonomi og nye og skjerpa kompetansekrav. Sægrov presiserer at problemet ikkje er knytt til mangel på kompetanse blant dei faste tilsette.

Må kutte – Kutta i beredskapen takast ut dei vekene vi har erfart låg aktivitet og kutta gjelder ikkje i helgane, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov. Foto: Arkivfoto

– Nye kvalifikasjonskrav gjer tilgangen til kvalifiserte vikarar mindre enn tidlegare. Vi planlegg difor drifta med bruk av færre vikarar. Innsparingskrava ville uansett ha påverka dette, seier Sægrov.

– Har gjort risikoanalyse

Ambulansesjefen seier at ROS-analyse alt er gjort.

– Vi gjorde ei overordna vurdering av risiko og aktivitet i november. Dagbilane sin aktivitet er dessutan ikkje direkte knytt til kommunane der dei er stasjonert, seier Sægrov.

Han korrigerer vekene utan dagbil i Stryn frå seks veker, som først uttalt, til åtte veker. Eid blir utan dagbil i seks veker.

Kutta i beredskapen takast ut dei vekene vi har erfart låg aktivitet og kutta gjeld ikkje i helgane, seier Sægrov. Han legg til at minst ein lege skal vere tilgjengeleg for legevakt og utrykking heile døgnet, på dagtid i Stryn og på Eid på kveld.

– Tillitsvald i fagforbundet seier det er vanskelegare å flåtestyre ambulansane i Nordfjord enn det er elles i fylket. Kan han ha rett i dette?

– Det er eg ikkje samd i. Hovudaksane er minst like gode i Nordfjord, seier Sægrov.

– De er klar over at veke 8 er vinterferie?

– Ja, men det er ingen samanheng mellom vinterferie og større behov for ambulansar, seier Sægrov.