Oddvin Myklebust seier at alt er i rute frå arrangøren, IL Veten, si side.

– Om lag 90 funksjonærar vil vere i sving, og programmet er klart. Unge, lokale hopparar vil få æra av å vere prøvehopparar.

Erfaren arrangør

IL Veten har god erfaring med større arrangement, mellom anna med Norgescup i både hopp og kombinert siste to åra, seier Myklebust. Bjørkelibakken var også NM-arena for seniorar tilbake i 1996.

Kombinert har tre øvingar på programmet, to individuelle og ein lagsprint. Hopparane skal i elden begge dagar.

Etter blomsterseremoni på arenaen blir det NM-bankett og premieutdeling på Stryn Hotel.

Oddvin Myklebust er rennleiar for hopparane, medan Odd Arne Bergset er rennleiar for kombinert.

Sjå film frå Norgescupen i Bjørkelibakken