Dagfinn Muri er oppgitt over kommunen si sakshandsaming når det gjeld tomtesalet på Oldenleirane. At saka blir redusert til spørsmål om det er eit einskildvedtak med klagerett eller ikkje meiner han er ei avsporing.

Kommunestyret vedtok førre veke at tomtesalet ikkje kan påklagast.

– Hovudpoenget er ikkje einskildvedtak eller ikkje, men at det er ulovleg med tanke på kommunedelplanen og mangelfull sakstilfang. Spørsmålet i denne saka er om dei som skal kjøpe arealet er kjende med avgrensingane og om formannskapet er tilstrekkeleg orientert, seier Muri.

Det var ei investorgruppe med Erik Flo Flåten, André Opheim og Asbjørn Flåten som fekk tilslag på den 8,5 mål store tomta i fjor haust, og dei har signalisert at det er utbygging av leilegheiter som er planen.

I strid med kommunedelplanen

Dagfinn Muri er far til Endre Muri, som var ein av interessentane til tomtekjøpet, og eldstemann er sjølv engasjert innan næringsverksemd knytt til turisme. Deira ønskje var å etablere base for sine verksemder på tomta, med blant anna turisttog og sightseeing-bussar.

Muri har sidan vedtaket vart gjort, hevda at kjøparane sine planar om bustadbygging er i strid med gjeldande kommunedelplan, og såleis feil av kommunen å tilby dei tomta. I kommunedelplanen, som vart vedteken av kommunestyret juni 2015, står det mellom anna følgjande om sentrumsområde S301-S304, Oldenleirane:

«Områda kan nyttast til forretning, tenesteyting, bustader, kontor, hotell/overnatting og bevertning, inkludert naudsynt grøntareal til busetnaden (...)Nye bygg skal på gateplan nyttast til publikumsretta verksemder som tenesteyting, forretning, kulturføremål og annan serviceverksemd», og vidare: «1. etasje på område S303 skal nyttast til kontor og/eller forretning/tenesteyting/bevertning. 2. og eventuell 3. etasje skal nyttast til bustader».

Fiskerettar og buffersone

Eit anna element Muri dreg fram, og som han tvilar på at kjøparane kjenner til, er ei skjønnssak frå 1982, som tek føre seg fiskerettane i området. I samband med at kommunen eksproprierte arealet i 1982 vart det i punkt 2 i avtalen vedteke at fiskerettane ikkje blir erverva av kommunen: «De saksøkte (grunneigarane, journ.anm.) eller disses fiskeberettigede forutsettes som før å kunne fiske langs elven, uten hindring av oreigningen eller etterfølgende utfyllinger som foretas».

Grensa mellom elv og sjø vart i tidlegare nemnde kommunedelplan fastsett til å gå i rett line mellom vestleg punkt «Nes nord for Alda Fjordcamping» til austleg punkt «Nordvestre hjørne på Olden helsetun».

I denne samanheng dreg Muri opp eit tredje forhold som han også meiner bør ha innverknad på bruken av arealet på Oldenleirane, nemleg NVE sitt innspel til kommunedelplanen om at ein har ei buffersone på minst 20 meter langs elva med tanke på fare for flaum, erosjon eller skred.

–I så fall er det ein stor del av arealet som ikkje kan nyttast, påpeikar Muri.

- Ikkje fått høve til å uttale seg

Han meiner dette er eksempel på viktig informasjon som aldri er blitt lagt fram for formannskapet. Dette trass i at Steinar Muri har gjort kommunen merksam på problemstillinga rundt fiskerettar i brev datert 8. desember 2017.

– Det er desse tinga som vil bli påklaga og det er dei som har gjort vedtaket som sjølve må svare for, og ikkje rådmannen. Det må vere eit sjølvsagt krav at i alle vedtak blir det lagt fram den naudsynte dokumentasjonen til dei som skal handsame saka. Alle punkt burde bli klargjort i ei reguleringssak før det vart lagt fram tomtesal, og der folk i Olden også fekk høve til å uttale seg.

Dagfinn Muri (midt i bildet) hevdar at tomtesalet er i strid med vedtekne reguleringsplanar og såleis ulovleg. Foto: Olga Marie Brathaug