Det var Fredrik Eirinsønn Villumstad frå Skimt Ski og Kollenhopp som sikra seg gullet i junior-NM hopp i Bjørkelibakken laurdag. Han låg på andreplass etter første omgang, men slo til med konkurransens lengste hopp på 97 meter i den andre omgangen, og vann med sju poengs margin til Espen Jacobsen frå Orkdal. Christian Røste Solberg frå IL Jardar og Kollenhopp vart bronsevinnar.

- Det er gøy å hoppe i ein bakke med gammal profil, smiler 18-åringen, som fekk sitt første bekjentskap med bakken denne helga.

- Det er kjekt å sleppe dei kjedelege profilane som er i alle nyare bakkar. Her kan ein ikkje tenke så mykje, ein må berre gjere, seier ein nøgd NM-vinnar.

Villumstad har lagt bak seg eit junior-VM der det vart gull i mix-konkurransen, bronsemedalje i lagkonkurransen og ein 11. plass individuelt.

Siger trass hender i bakken

Blant jentene var det førehandsfavoritten Anna Odine Strøm frå Alta IF og Kollenhopp som sigra med klar margin, og det trass i at ho måtte ned i med handa etter hoppet på 94 meter i andre omgang. Sølvet gjekk til Thea Sofie Kleven frå Gjerpenkollen og Ingebjørg Saglien Bråten frå Etnedal tok bronsen.

Anna Odine Strøm frå Alta var best blant jentene. Her saman med Thea Sofie Kleven frå Gjerpenkollen og Ingebjørg Saglien Bråten frå Etnedal.
- Det er ein gøy bakke å hoppe i, seier gullguten Villumstad.