Kommunestyret i Hornindal stiller seg bak innstillinga frå rådmannen og formannskapet, og går inn for 300.000 kroner i kompensasjon til Hornindal sokneråd etter salget av Kirkhorn skule. Dette er 200.000 under kravet

Saka om kompensasjon har kome gjennom salet av Kirkhorn skule, og at Hornindal sokneråd med dette vart utan samlingslokale. Rådmann Ann Kristin Langeland har i saksframlegget til kommunale utval argumentert for kompensasjon på 300.000 kroner. Utval for Oppvekst og Helse har handsama saka og redusert beløpet til 150.000 kroner.

Utlegg

Kirkhorn skule vart selt i fjor haust. Ny eigar tok over leigeavtale med Løvland Spiseri & Pub, men valde ikkje å vidareføre leigeavtale med Hornindal sokneråd.

I punkt 8 i leigeavtalen mellom Hornindal kommune og Hornindal sokneråd kjem det fram at dersom kommunen seier opp leigeavtalen skal soknerådet ha rimeleg kompensasjon for investeringar i bygget.

Hornindal sokneråd har lagt fram krav om 500.000 kroner. Dette gjeld dokumenterte utlegg på 232.700 kroner og stipulert dugnadsinnsats.

I rådmannen sitt framlegg er det teke høgde for venta levetid av investeringar og ein rimeleg kompensasjon for dugnad.

Engasjement

Saka har vekt stort engasjement blant innbyggjarane i kommunen, og det har kome mange innspel kring dette.

– Eg har fått mange telefonar og førespurnader, sa ordførar Stig Olav Lødemel før drøftinga starta i formannskapet. Han synte til innspel om at kyrkjelydsarbeid ikkje skal handsamast annleis enn innsats for idrettslag og andre.

Brynhild Lund Notøy (V) meiner rådmannen si utgreiing er god.

– Eg meiner kompensasjon på 300.000 kroner er rimeleg, sa Lund Notøy, og grunngav sitt syn med at soknerådet jobbar utan godtgjersle og gjer stor frivilleg innsats for bygdefolket. Bente Tryggestad (Sp) la til at bygdefolk har gjeve si støtte til kyrkjelydsarbeidet, mellom anna gjennom gåver frå saniteten.

Eldar Engelund (Sp), Randi Langlo (Ap) og ordførar Stig Olav Lødemel (H) stilte seg bak rådmannen sitt framlegg.

Formannskapet gjekk samrøystes inn for å gje Hornindal sokneråd ein kompensasjon på 300.000 kroner, og i kommunestyremøtet torsdag vart også dette støtta der. Dersom soknerådet ikkje aksepterer tilbodet vert saka avgjort av ei nemnd beståande av lensmannen, ein frå soknerådet og ein frå kommunen.

Brynhild Lund Notøy (V) meiner ein kompensasjon på 300.000 kroner er rimeleg. Foto: Anne Mari Aalberg