– I vinterferien vil biblioteket ha aktivitetar for barn og unge kvar dag, fortel biblioteksjef Kristin Hatledal.

– Det blir mellom anna lesestund, minikino, og ulike typar verkstadar der ein kan perle, lage armband og bokmerke.

Morsmålsdag

Onsdag 21. februar er det morsmålsdag. I Norge blir det snakka rundt 300 språk, og i verda finst det ca. 6.700 språk, der halvparten av dei er i ferd med å forsvinne. I 1999 erklærte UNESCO at 21. februar difor skulle vere den offisielle morsmålsdagen.

– Denne dagen vil biblioteket markere med ei eiga utstilling med bøker på ulike språk. Det vil bli språkløype med premiar og alle kan få henge opp sitt eige favorittord på morsmåls-treet, fortel biblioteksjefen.

Brettspel: Laurdag i vinterferieveka er det familiedag på biblioteket, med fokus på brettspel. Her kan born og vaksne kome og spele, anten ditt eige spel eller eitt du låner. Foto: Anna Flo

Familielaurdag

Laurdag i vinterferieveka er det familielaurdag med eigen brettspeldag.

– Born og vaksne er velkomne, og vi har brettspel som passar for alle, seier biblioteksjefen.

– Og har du eitt liggande som du gjerne skulle spelt meir, så er det berre å ta det med. Biblioteket byr på snacks og noko godt å drikke.

Symjehallen

Stryn symjehall vassklie, stupetårn og barnebasseng har ope på dagtid i vinterferien, med unnatak av tysdagen.

– Det er også kino kvar dag i vinterferieveka, og kaféen er open. Så her blir det liv og røre, seier kulturhusleiar Kari-Ann Kaspersen.

Frå Fify Shades til Churchill

Kinomenyen i vinterferieveka er variert.

Frå den tredje og avsluttande filmen i Fifty Shades-trilogien og komediane Los Bando og Norske Byggeklosser til den kritikarroste filmen om Churchill i «the darkest hour» (den mørkaste timen) under andre verdskrigen og Erik Poppe sitt humoristiske, gripande og tankevekkjande portrett av samfunnsdebattant og forfattar Per Fugelli.

– Litt for einkvar smak med andre ord! seier kulturhusleiaren.