– Det er ikkje til å leggje skjul på at det blir stilt store krav til vikarane våre om dei nye krava trer i kraft, seier dagansvarleg ved ambulansetenesta i Stryn, Linda Bøe.

Ved stasjonen i Stryn er det i dag 10 årsverk fordelt på 11 tilsette. Helse Førde sitt tiltak med å fjerne dagbilen i åtte veker i Stryn er ikkje hyggelege nyheiter.

– Det er eit vidstrakt område vi opererer i, så vi likar ikkje å miste ein bil desse vekene. Til dømes ser vi det som uheldig å ikkje ha dagbil i vinterferien. Vi vil uansett gjere vårt beste med dei ressursane vi har, seier Bøe.

Vil ha møte med Helse Førde om ambulanseberedskap

Stryneordførar Sven Flo vil invitere ambulansesjefen i Helse Førde til eit formannskapsmøte i Stryn. Tema vil vere grad av beredskap i åra som kjem.

– Helseføretaket sine beredskapskutt i år er det lite vi kan gjere med, men vi vil påpeike at dette ikkje kan vare ved og demme opp for ei slik uheldig utvikling, seier Flo.

Les også: Enkel rekning