Det vart ikkje den rysaren med Bø-brørne  i hovudrolla som vi hadde håpa på i fellesstarten i skiskyting i OL. Det var nok ein gong skytinga som hekta stryningane av i kampen om edelt metall. Til gjengjeld sytte Emil Hegle Svendsen for spenning til siste slutt.

Johannes var den som først takka for seg. OL-vinnaren frå normalen pådrog seg tre strafferundar på den andre skytinga, og gav i praksis opp då han gjekk ut godt over minuttet bak teten.

Tarjei Bø og Erlend Bjøntegaard hang godt med til tredje skyting, men med to strafferundar var det over-og-ut også for dei i medaljekampen.

Siste norske håp var regjerande olympisk meister, Emil Hegle Svendsen, som låg eit drygt halvminutt etter teten inn til den siste skytinga. Han gjorde ein imponerande siste ståande serie og lukta bronsemedalje på veg ut frå stadion. Fire mann vart til tre som skulle kjempe om den siste medaljen på finalerunden. Svendsen sine avsluttareigenskapar avgjorde i spurten mot Lesser. Fourcade vart dømt til gullet etter dramatisk spurt mot Arnd Peiffer.

Tarjei vart til slutt nummer 8 og Bjøntegaard nummer sju.

No blir det spennande å sjå kven som får gå mix-stafetten tysdag. Svendsen melde seg i aller høgste grad på denne etter medaljeløpet i dag.