I dag vart det feira at Nordfjordekspressen har knytt aust og vest saman i 30 år.

Det starta med daglege avgangar frå Måløy til Oslo 19. februar 1988. Sidan har ekspressbussen frakta rundt rekna 2,4 millionar passasjerar på 30 år, fortel marknadssjef i Nettbuss Express, Svein-Arne Vik.

– Dette viser at ekspressbussane har ei svært viktig rolle både for folk som bur i fylket, studentar som skal til og frå studiestadane sine og for turistar som skal besøke Nordvestlandet, seier Vik.

Samarbeid Nordfjord – Ottadalen

Nordfjordekspressen var eit samarbeid mellom Nordfjord og Sunnmøre Billag og Ottadalen Kommunale Billag. Før denne tid hadde desse to selskapa i samarbeid køyrt Måløy–Otta i korrespondanse med toget til Oslo sidan 1977.

– For kundane var det eit stort framsteg å sleppe å byte transportmiddel undervegs på reiser til hovudstaden, seier Vik.

Konsesjonsproblem

Starten var ikkje heilt utan komplikasjonar.

Kakefeiring: Avdelingsleiar Karin Lunde Vinsrygg hadde sørga for kake til sjåførane i Måløy, Nordfjordeid og Stryn.

– Det var vanskeleg å få konsesjon for gjennomgåande ekspressbuss der det var jernbane, Otta – Oslo, men restriksjonane for konsesjon blei gradvis redusert utover 90-talet og det blei oppheving av strenge konsesjonsvilkår i 2002, seier Vik.

Ruta var ein del av Nor-Way Bussekspress frå 1988 til 2013, frå mai 2013 vart det gjort store endringar gjennom den nye merkevara Nettbuss express og blålilla bussar.

Gardermoen og Kvivsvegen

Det starta med ein dagbuss, seinare vart det nattbuss i 1993 og ettermiddagsrute i 1997. Hovudflyplassen på Gardermoen opna i 1998, og talet på reisande gjorde eit byks oppover. Oslo Lufthamn har sidan vore ein av dei viktigaste stoppestadane på ruta. Dårleg økonomi førte til at ettermiddagsruta vart lagt ned i 2016. Samstundes førte Kvivsvegen til nye mogelegheiter.

– Det vart eit nærare samarbeid mellom nattrutene Måløy–Oslo og Ulsteinvik–Oslo, og det vart i tillegg etablert ei bussrute Ulsteinvik–Stryn som har korrespondanse med dagbuss Måløy–Stryn–Oslo. Dette styrka den økonomiske situasjonen vesentleg, seier marknadssjefen.

Måndag vart 30-årsdagen feira. Avdelingsleiar for Nettbuss Stryn, Karin Lunde Vinsrygg, hadde sørga for kake til sjåførane i Måløy, Eid og Stryn.

– Om bord på bussane var det flagg og ballongar, og så vart det delt ut Smil-sjokolade, fortel marknadssjefen.

– Så alle passasjerane vart møtt med eit smil!