Ubedne gjester har i løpet av natta gjort innbrot i varmestova ved Hornindal skisenter.

- Døra på baksida av bygget er brote opp. Men tjuvane har ikkje fått med seg noko særleg anna enn sjokolade og pølser. Dei har brote opp skuffen til kasseapparatet, men vi oppbevarer aldri pengar i varmestova over natta, fortel Jens Jensen til Fjordingen.

Politiet er varsla og er på veg for å sikre spor på staden.