Fellesnemda for Nye Volda er budde på at Bjørke og Viddal krins kan bli overført frå Ørsta kommune.

Fellesnemda for Nye Volda kommune skal møtast i Volda torsdag, og grensejusteringsspørsmålet om Bjørke og Viddal er mellom sakene på sakskartet.

Grensejustering

– Med bakgrunn i utgreiinga om grensejustering vil Fellesnemnda ikkje vere overraska om Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Kommunalministeren konkluderer med at Bjørke og Viddalen krins vert overført til nye Volda kommune. Dersom det vert resultatet, vil nye Volda kommune ønskje innbyggjarane velkomne til kommunen. Ein er og viss på at oppfølging og tenestekvalitet til innbyggjarane i Bjørkeområdet vert ivareteke på ein trygg og god måte, står det i saksdokumenta til fellesnemda som skal avgje fråsegn i saka om ei eventuell grensejustering.

Uttale innan 1. mars

Fylkesmannen fekk i oktober 2017 i oppdrag frå departementet om så raskt som muleg å greie ut konsekvensar av ei grensejustering mellom kommunane Ørsta og Volda, for området Bjørke og Viddal. Oppdraget vart gitt etter initiativ frå innbyggjarar på Bjørke i Ørsta, kalla «unge vaksne», som fremja søknaden til fylkesmannen. Fellesnemda skal no som følgje av framdriftsplanen avgje uttale til Fylkesmannen innan 1. mars.

Innbyggjarundersøkinga

– Ifølgje innbyggjarundersøkinga vil to av tre under 30 år på Bjørke til Volda, medan meir enn to av tre over 45 år vil bli i Ørsta. Av dei under 45 år er det eit rimeleg klart fleirtal for overflytting til Volda, medan det for aldersgruppa over 45 år er fleirtalet for å bli i Ørsta endå større. Innbyggjarundersøkinga gav 93 svar, ein svarprosent på 92. Av dei som har avgitt svar ønskjer 56 prosent å forbli i Ørsta kommune. 41 prosent ønskjer overflytting til ny Volda kommune, medan 3 prosent veit ikkje. Med eit tal på avgitte svar som er på under 100 utgjer kvar person som har avgitt svar over 1 prosent. Få stemmer i den eine eller den andre retninga utgjer såleis etter måten stor endring i prosent, heiter det vidare i saksutgreiinga.

Ønskjer velkomen

– Nye Volda og Ørsta vil uansett utfall vere integrerte samfunn der ein er avhengig av godt samarbeid for å utvikle regionen og sikre innbyggjarane i desse kommunane best muleg tenester og framtid, heiter det i saksutgreiinga til Fellesnemda.