Bli med Tor-Øyvind Rand og Hans-Erik Rand til OL i Pyeongchang! Her er deira reisedagbok for Fjordingen sine lesarar. Første kapittel kunne du lese i Fjordingen 16. februar.

«Skal vi få med oss normalen for herrer òg då, om det er ledige billettar?» spurte vi kvarandre. Valet vi tok er definitivt av dei betre vi har teke. Meir om det seinare.

Sist vi rapporterte heim var vi på veg til hovudstaden Seoul, etter fleire dagar i Gangneung. Seoul ligg om lag 90 minutt med tog frå skiskyttar/langrennsanlegget, så vi la opp til lange dagar med pendling i bytte mot å få med oss litt meir av OL-landet.

I grenseland: DMZ, den demilitariserte sona. Dette er både ei buffersone og grense for Nord-Korea og Sør-Korea.

På vår «OL-frie dag» gjekk turen opp til DMZ, som er den demilitariserte sona mellom Nord- og Sør-Korea. Det er vel ingen løyndom at situasjonen mellom dei to landa er noko spesiell, og turen vart ekstra interessant av at vi fekk med oss ein Nord-Koreansk avhoppar som kunne fortelje om oppveksten på innsida av Kim sitt rike.

Vi gjekk diverre glipp av Panmunjom, området der dei to landa har møter, rett og slett fordi dei skulle ha eit møte den dagen. Vi såg vårt snitt til å bidra litt på fredsfronten, men då vi fekk høyre at alle samtaler gjekk på koreansk stod vi over likevel.

OL-fri dag: Ei venninne av Tor, MinYoung, var så venleg å vise oss rundt i Seoul. Ein by er alltid meir spanande når dei lokale kan syne deg rundt!

Byen Seoul hadde òg mykje å by på, og ei venninne av Tor, MinYoung, var så vennleg å vise oss rundt både på dagtid og kveldstid. Ein by er alltid meir spanande når dei lokale kan syne deg rundt, og sjølv om vi gjekk glipp av Klæbo sitt sprintgull var det absolutt verdt å bruke litt tid på å sjå andre delar av landet og kulturen.

STRYN, STRYN, STRYN!

Når det er sagt: Det var jo OL som stod i sentrum, og torsdag 15. februar var vi attende på stadion. Av alle dagar i norsk idrettshistorie som ein gjerne vil ta del i er vel tidenes OL-dag høgt oppe på lista for dei fleste.

På veg til langrennsstadion fekk vi med oss at Svindal, Jansrud og Mowinckel hadde levert medaljar.

På kvinnene sin 10 kilometer sto vi nok ein gong saman med Diggins sin fanskare like ved løypa og fekk med oss at skidronninga Marit Bjørgen trygga ein bronse (like før Diggins, til våre vener sin skuffelse) og at Ragnhild Haga gjekk inn til gull.

Deretter traska vi oss bort til skiskyttarstadion, og frykta at vi skulle sjå ein franskmann stå i vegen for ein strynetriumf.

Det skulle vise seg at vi hadde lite å frykte. Fourcade bomma to då gullet skulle sikrast, og sakte men sikkert gjekk det opp for oss at Johannes, trass i to bom, har sikra seg sitt første individuelle OL-gull.

– Stemninga, spør du?

SÅ GOD AT VI MÅ BRUKE CAPS LOCK!

Ein smilande glad stryning

Vi droppa alle togplanar slik at vi kunne få gratulere med gullet, og fekk prata med ein smilande glad stryning då han var ferdig med intervjua sine.

Gull-bump: Ein gratulasjons- «fist bump» med Johannes, som takka for heiinga! Skjermdump frå TVNorge

Då var det greitt at vi måtte stå i 90 minutt ved sidan av doen på toget på veg heim.

Stryn sitt OL-gull var i boks!

Ut av vårt eige kunnskapsområde

Fredagen bevega vi oss litt ut av vårt eige kunnskapsområde og møtte opp på kvinnene sin snowboardcross. Dette var på ein anna stadion enn vi hadde vore før, så det var ganske kjekt å sjå korleis snowboardmiljøet sitt OL var.

Ny arena: Fredagen bevega vi oss litt ut av vårt eige kunnskapsområde og møtte opp på kvinnene sin snowboardcross.

Vi kan vel slå fast at dei på eit generelt plan er «kulare» enn langrennsgjengen, og både musikk og stemning var på topp. Sjølv om Tor sin plan om å vinne Helene Olafsen sin gunst ikkje gjekk heilt i boks (mest sidan ho var oppteken med reporterjobben sin, sjølvsagt) var det likevel ei kjempeoppleving!

Seinare på dagen var det klart for herrane sin 15 kilometer.

Vi såg løpet på oppløpssida saman med ein canadisk venn av Tor, som òg er ein barndomsvenn av Alex Harvey.

Patrioten i oss utfordra på nytt: Herrane sin 15-km såg vi saman med ein Canadisk ven av Tor, som òg er ein barndomsvenn av Alex Harvey.

Nok ein gong vart patrioten i oss utfordra, og vi heia så mykje som vi kunne saman med Team Harvey. Det vart diverre ikkje topp for Canada då den store idrettsmannen Cologna tok gullet.

Krüger sikra norsk medalje og fekk gratulasjonar av sjølvaste Erna Solberg i etterkant. Vi fekk ein kort prat vi òg, og sa at vi sakna ho då Johannes tok gull. Ho sa ho hadde vore oppteken i møte med president Moon, så det er tydeleg at statsministeren må få litt orden på prioriteringane sine.

Tidenes vinterolympier?

Det er laurdag. Det er stafett. Dei norske kvinnene er soleklare favorittar. Weng er vraka. Uhrenholdt Jacobsen inn.

Eit utrygt kort, meiner mange. Hans er ikkje uroa, dei skal jo berre gå fem kilometer kvar, kor mykje kan ein tape sjølv på ein dårleg dag?

Ganske mykje, syner det seg. Det er vondt å sjå ein så flott utøvar som Uhrenholdt Jacobsen ligge utslått i målområdet, ikkje langt frå oss, og vite at ho trur ho har øydelagt gullsjansen.

Desto meir gledeleg å få juble Bjørgen fram på oppløpet og sjå ein tårevåt Jacobsen ta imot ho saman med dei andre.

Redningsoperasjonen til Haga og Bjørgen skapte enorm spenning, og reint dramaturgisk den største opplevinga i OL fram til då.

Bjørgen tangerer Bjørndalen på medaljefronten, og er eitt gull ifrå å bli tidenes største. Når Tiril Eckhoff skyt seg inn til ein bronse på fellesstarten etterpå har vi nok ein gong fått oppleve store norske idrettsprestasjonar.

Den siste dagen

Herrestafett i langrenn. Fellesstart for skiskyttarherrene. For ei avslutning det skulle bli!

Landslaget gjorde som med kvinnene sin stafett og tok ut eit lag som skapte spenning til siste slutt, men når Norge spelar Klæbo som siste kort er det hardt å vere russisk.

På oppløpet fekk vi sjå ein smilande trønder kontrollere inn gullet og sende Norge til topps på medaljestatistikken.

Sjølv om den første Johannes for dagen leverte på topp, gjekk det litt verre for den andre. På fellesstarten måtte vi sjå oss slått av Frankrike, men med spurtoppgjer både i gullkampen, bronsekampen og for Tarjei sin sjuandeplass var det likevel kjekt å stå på oppløpssida for å heie.

Stryn, Stryn, STryn: Stryn sitt OL-gull i boks!

Så gjekk turen heim. Fem gull-, fire sølv- og fire bronsemedaljar. Når vi først tok turen til OL, kan vi på ingen måte klage på dei norske prestasjonane vi fekk oppleve.

Høgdepunktet var sjølvsagt Johannes, som tok gullet heim til Stryn, men spenninga frå stafettane, Krüger sitt comeback, Haga sitt superløp... det var rett og slett meir enn vi kunne håpa på å få oppleve.

Når vi i tillegg legg til alle bekjentskapa vi har stifta, gleda av å ta del i at familien Diggins og Team Harvey heia fram sine eigne og ikkje minst fått oppleve Sør-Korea som eit gjestfritt, blidt og positivt vertsskap er vi jammen glade for at kona til Hans (og mamma) lot oss reise på tur.

Vertskap: Sør-Korea viste seg som eit gjestfritt, blidt og positivt vertskap med blide og hjelpsame frivillige.

For OL i PyeongChang kan ikkje oppsummerast som noko anna enn heilt fantastisk, og sjølv om vi ikkje får med oss resten direkte, har vi sikra oss minne for livet!

Med OL-helsing frå Sør-Korea, Tor-Øyvind Rand Hans-Erik Rand Roset