Etter medhald i klagesak om utvida skjenketid i romjula, har det vore ønskje om generell endring av skjenketidene i Rusmiddelpolitisk handlingsplanen, 2016-2020, for desse dagane.

I framlegget frå rådmannen var det kun dei bevegelege heilagdagane i romjula ein ønskte utvide skjenketida frå kl 01.00 til 02.00. Men i formannskapet fekk Aud Løvlid (H) fleirtal for framlegget om at også påska vart innlemma i endringa, noko som også fleirtalet støtta i kommunestyret. Krf og Ap sitt framlegg om at handlingsplanen forblir uendra fekk fem røyster.

Vedtaket betyr at verksemder med ordinære skjenkeløyve i Stryn har høve til å skjenke til kl. 02.00 26.-30. desember, og det same for påskeveka frå palmesøndag til 2. påskedag. Dette uavhengig av kva vekedag datoane fell på.