Som Fjordingen har omtalt i fleire artiklar skal Helse Førde kutte i ambulanseberedskapen i heile fylket. Totalt i Nordfjord er det 30 veker i 2018 med halv beredskap og dette bekymrar.

Fjordingen møter ti kvinner i Stryn på forskjellige stadium i graviditeten. Dei uttrykker ei unison bekymring for at ambulansen ikkje er der når dei kan trenge den som mest i ei kritisk tid rundt termin.

For tre veker sidan opplevde paret Lene Kristin Skåre Vilhelmsen og Jens Kristiansen det som kan skje når ambulansen på heimstaden er ute av kommunen på andre oppdrag.

– Barnet kunne ikkje vente

Paret tek oss tilbake til laurdag 4. februar.

– Eg kjende det var tendensar til rier laurdagen, men ville vente litt så vi ikkje fekk enda ein bomtur til Volda slik som dagen før, fortel Lene Kristin.

Rundt klokka 03 om natta vakna ho av at ting var i gong.

– Planen var å køyre til Volda sjølve. Eg brukte 35 timar på den første fødselen, så dette skulle eg rekke fint, trudde eg.

Lene Kristin begynte å telje minutta mellom dei stadig hyppigare riene.

– Det var fem minutt, så tre minutt. Så det var berre å kome seg i bilen, fortel Lene Kristin.

Paret var ikkje komne lenger enn til Kjøs då alvoret sette inn.

– Då kom pressriene og fødselen var i gong. Vi måtte ringe etter ambulanse, fortel Lene Kristin.

Av AMK fekk dei to opplyst at ambulansen var på eit anna oppdrag og dei måtte vente. Dei fekk etter kvart beskjed om at ambulanse vart sendt frå Volda.

Klar til å føde i bilen

Jens fortel at han hugsar godt skrika frå sambuaren i bilen gjennom Kvivstunnelen. Barnet kunne ikkje vente lenger.

Like etter Kvivstunnelen måtte dei stoppe ved vegen med naudblinken på. Klokka var då 05 om natta.

Vatnet var gått og fødselen var i gong i familiebilen. Sittande på utsida av bilen i 3 minusgrader gjorde far seg klar til å ta i mot sonen.

Då såg dei blålysa frå ambulansen kome i mot dei.

Heldige Jan Kristiansen, her med «Lisjebror», trudde han sjølv måtte ta imot sonen då Lene Kristin Skåre Vilhelmsen heldt på å føde i familiebilen. Vesle Anna er berre glad ho har fått ein bror. Foto: Roger Oldeide

– Eg vart sjeleglad då eg såg jordmora stikke hovudet inn bildøra, fortel Lene Kristin.

På plass i ambulansen bar det av garde mot Volda sjukehus. Dei kom likevel ikkje lenger enn til Austefjorden før ambulansen måtte stoppe ved vegen og jordmor i Stryn, Anne Karin Andresen kunne ta i mot velskapte «Lisjebror» på 4.490 gram.

– Vi var heldige at vi fekk hjelp i tide og at dette skjedde utan komplikasjonar. Det var ikkje kjekt å høyre at ambulansen ikkje kunne kome når vi trengde den. Ein forventar jo at den er der, seier Lene Kristin og Jens.

– Kutt i beredskap er kutt i tryggleik

Ambulansen ho trengte i Stryn var nemleg i Volda med jordmor Andresen. Denne laurdagen var ho stasjonert på Eid og fekk beskjed om ein komande fødsel på Ytre. Dette paret kom seg sjølv til Eid medan Andresen ringde etter ambulanse som var på eit anna oppdrag.

– Næraste ambulanse var i Stryn, så vi avtalte å møtes i Kjøs, fortel Andresen.

bekymringsfullt: – Då fødeavdelinga på Eid vart lagt ned, vart det lova styrking av ambulanseberedskapen. Det var i 2012, no kuttast det, seier jordmor i Stryn, Anne Karin Andresen.

På veg til Kjøs frå Eid måtte jordmora i tillegg hjelpe ein person som låg i veggrøfta i 3 minusgrader før ho kom seg vidare til Kjøs.

– Den ambulansen vi fekk frå Stryn, var den Lene Kristin og Jens fekk akutt behov for kort tid etter. Eg fryktar dette kan bli eit vanleg scenario, seier Andresen.

Ho trur det kan bli eit rush av bomturar for par som vantar barn fordi folk ikkje tør å ta sjansen på ikkje å få ambulanse i tide.

- Kutt i ambulanseberedskap er kutt i tryggleik. Eg deler deira bekymring i dette. Ambulansane er våre høgre hender. Beredskapen burde styrkast, ikkje kuttast, fastslår jordmor Andresen.

Les også: Enkel rekning