– Eit fantastisk løp av Johannes Thingnes Bø, seier skiskyttarpresident Erlend Slokvik etter at det vart norsk sølv i mix-stafetten.

– Vi hadde jo håpa at det skulle bli ein spennande stafett, og spennande vart det! Men det vart på same måten som det var i langrennsstafettane: Ein fantastisk løpar på tredje etappe som gjer løpet, seier Slokvik.

– Det Johannes gjer på si etappe er jo det som reddar heile stafetten for oss. Vi var nesten hekta av etter at jentene ikkje heilt fekk det til, men når Johannes greidde å verkeleg ta ut det han er god for, då redda han heile stafetten for Norge. Han gjorde eit fantastisk løp.

– Kva tenkjer du no om herrestafetten?

– Vi er jo blant favorittane, og det er sjølvsagt lov å håpe på gull når vi ser kva Johannes og Emil gjer i dag, og veit at det er to gode løparar til som er klare.

Skiskyttarpresidenten var sjølv i OL i første del av leikane.

– Men då Johannes tok sitt gull var eg diverre reist heim, så det såg eg på TV. Veldig moro, og utruleg spennande!

– Kva tenkjer du Johannes sine prestasjonar har å seie for skiskyttarmiljøet ved Stryn vidaregåande skule?

– Det er god reklame, og Johannes er flink til å få fram at han har gått der. Han var også veldig støttande då vi jobba med å få til landslinja. Å sjå hans resultat er ei flott oppmuntring for dei som går der også, dette å sjå at ein kan legge eit godt grunnlag for seinare karriere på Vestlandet. Det er flott!