Stryn Energi slepp truleg unna eit krav om to separate styre og leiargrupper. Dette som følgje av eit nytt fleirtal på Stortinget som etter alt å dømme vil gje slikt fritak for energiselskap med færre enn 30.000 kundar.

I førre stortingsperiode vedtok regjeringa med støtte frå Venstre at alle kraftselskap må gjennomføre eit såkalla funksjonelt skille, som inneber klare skille mellom kraftomsetjing og nettleige. EU sitt regelverk inneber funksjonelt skille for alle selskap med over 100.000 kundar. Stortinget vedtok at regelverket skal gjelde alle, og med verknad seinast frå 2021.

Etter stortingsvalet sist haust og endra styrkeforhold på Stortinget, har Senterpartiet sett at det kan vere mulig å skaffe fleirtal for å unngå kravet om funksjonelt skille for kraftselskap med færre enn 30.000 kundar. Tore Storehaug som er stortingspolitikar for Sogn og Fjordane KrF og medlem i energikomiteen på Stortinget, besøkte Stryn Energi fredag, saman med kommunestyrepolitikarar og Jon Olav Kvamme frå fylkestingsgruppa til KrF. I møtet med Stryn Energi gjekk Storehaug langt i å seie at stortingsfleirtalet vil reversere vedtaket frå førre periode.

Kjem opp i Stortinget 16. mars

– Andre parti må svare for seg, men slik det ser ut, vil SV, Ap, Sp og KrF sikre fleirtal for noko som er viktig for mange små kraftselskap. Det handlar både økonomi og fleksibilitet i selskapa, seier Storehaug.

Saka kjem opp til handsaming i Stortinget 16. mars, i form av eit såkalla dokument 8-forslag.

– Dette er veldig viktig for Stryn Energi, og vil bety sparte kostnader på minimum ein halv million kroner i året. For eit selskap som i snitt har levert 1,5 millionar kroner i utbyte til eigaren Stryn kommune, er dette viktig, seier Energisjef Jan Træen.

I tillegg til den økonomiske sida ser han store praktiske fordeler ved at Stryn Energi slepp kravet om funksjonelt skille.

Konsernmodell

– Vi må dele selskapet mellom kraftomsetjing og nettdrift, men kan, dersom vedtaket går gjennom i Stortinget, organisere oss i ein konsernmodell med felles leiing og styre. Det er ein stor fordel, og vil til dømes bety at vi kan halde fram med felles leiing som ivaretek heile selskapet. Det heile blir meir effektivt ved at personar kan jobbe i begge selskap. Med funksjonelt skille kunne vi til dømes ikkje jobbe med fiber i same selskapet, seier Jan Træen.

– KrF evnar å lytte

Han gir ros til KrF både lokalet og til nyvald stortingsrepresentant Tore Storehaug for å ta dei små kraftselskapa sin situasjon på alvor.

– Mange politikarar lyttar utan eigentleg å ta inn over seg det vi ønskjer å få fram. KrF evnar å sjå saka frå vår side. Det er ein styrke. Som lite kraftselskap i ein liten marknad, er vi opptekne av rammevilkår som gjer oss i stand til å vere mest mulig effektive og handlekraftige i den marknaden vi skal betjene. Både for kundane våre og overfor eigarane. Då er vi svært glade over å sleppe organisatoriske endringar som gjer det meir kostbart og tungvindt å drive Stryn Energi i framtida. Eg oppfattar at Olje og energidepartementet har ein agenda om å kutte i tal nettselskap og der små nettselskap skal inn i dei store og dermed bli sentraliserte vekk. Heilt frå Nordkapp til Lindesnes er det stor glede over det som truleg vert vedteke i Stortinget 16. mars, seier Træen.