Helse Førde sine kutt i ambulanseberedskapen har skapt bekymring.

– Helse Førde sine kutt i ambulanseberedskap vil gi ringverknader i heile Nordfjord. Eitkvart kutt i denne vil kunne påverke responstida, seier kommunalsjef for Helse- og sosial i Stryn kommune, Heidi Vederhus.

Ho meiner det har vore dårleg kommunikasjon mellom Nordfjordkommunane og Helse Førde i denne saka.

– Trass i møte med helseføretaket om prehospitale tenester i januar, er den første informasjonen vi får om beredskapskutt det vi les om i avisa, seier Vederhus som seier utviklinga er bekymringsfull.

– Store delar av året har Stryn eit mykje større folketal enn det som står oppført og det gjer oss ekstra sårbare. Dette er ei svært uheldig utvikling, seier ho.