Teknisk utval gjekk imot rådmannen si tilråding om ikkje å etablere leilegheiter i 2. og 3. etasje i Arena Stryn. Årsaka baserte seg på problematikk kring støy og lysforureining som naturleg følgjer med eit idrettsanlegg.

Det har vore stor frustrasjon knytt til at prosjektet stagnerte ettersom bygging og sal av bustadar er avgjerande for å få Arena Stryn realisert.

«Ei mindre endring»

Det var eit framlegg frå Aud Hool Egge (Ap) som opna for endringa;

– Sektorutvalet vurderer den omsøkte endringa av det regulerte området FTB1 (forretning, tenesteyting, bustad) på Arena Stryn, til også å kunne tillate bustader i 2. og 3. etasje som ei «mindre endring» (ref. Plan og Bl 12–14 2. ledd). Utvalet meiner at det omsøkte føremålet ikkje kjem i konflikt med idrettsføremålet slik planen no er framlagt, heiter det i vedtaket.

– Uheldig

I eit brev til Stryn kommune skriv Fylkesmannen at det er uheldig at sektorutvalet har gjort denne endringa av kommunedelplanen som omfattar Arena Stryn. Fylkesmannen poengterer at kommunedelplanen for Langeset-Stryn-Storesunde er heilt ny og at kommunen vurderte framtidig arealbruk etter ein grundig og omfattande prosess der allmenta og offentlege styresmakter medverka.

– Det er uheldig å opne for endringar av overordna plan så kort tid etter godkjenning, og slik undergrave kommunedelplanen, skriv Fylkesmannen.

Stryn kommune tolkar brevet slik at Arena-prosjektet no kan få oppstart.

– Det vil krevje simuleringstestar av kva slags støyverdiar dette vil få, men etter det eg kan sjå så kan prosjektet starte opp, seier avdelingsleiar for byggesak og regulering i kommunen, Kolbjørn Nilsen.

Kommunalsjef Jan Flore seier til Fjordingen at søknadar om reguleringsendring som skal behandlast av kommunen må vurderast i kvar einskild sak. Som ei følgje av vedtaket som sektorutval for tekniske saker gjorde i samband med Arena Stryn, meiner Flore at terskelen for å handsame reguleringsendringar som "mindre" må bli lågare for ettertida enn det kommunen tidlegare har praktisert.

- Kan ein privatperson som har ein garasje t.d. gjere denne om til ei leilegheit/bustad og kalle det for ei "mindre endring"?

- Om du bygger om/endrar eit garasjebygg til leilegheit/bustad, vil det vere søknadspliktig som bruksendring etter plan- og bygningslova § 20-1 bokstav d. Eit slikt tiltak vil kanskje krevje dispensasjon frå reguleringsplanen, men det vil sjeldan vere behov for å endre planen, seier Flore.

Håpar på snarleg oppstart

I Stryn Turn og idrettslag ser ein no fram til oppstart av det kjærkomne idrettsanlegget.

– Fylkesmannen hadde ingen motsegn, så no vil vi jobbe intensivt for å starte opp dette prosjektet, seier prosjektleiar for Arena Stryn, Kjell Opheim.

Han håpar spada kan gå i jorda før sommarferien i år.

– Eller like etter sommarferien. Vi er veldig glade for at det skjer noko no, fastslår Opheim.