Andrea Guddal Muri frå Olden tek ein bachelor i Business på Griffith University, i Australia. Ein livslang draum om å bu i utlandet har blitt ein realitet, og etter eitt og eit halvt år i Australia angrar ho slettes ikkje.

– Eg måtte realisere draumen medan eg enno har sjansen. Valet fall på Australia. Det er eit spennande land, med få kulturskilnadar frå Norge, og som samtidig ikkje er eit typisk land å feriere i. Gold Coast vart heimen min, fordi det er vakkert, billeg og ein relativt billeg stad å bu og studere, seier Guddal Muri.

Den største forskjellen med å studere i Australia er valgfriheita og semesterstrukturen.

– Valgfriheita på studia, og moglegheita til å sette opp timeplanen sin sjølv er eit veldig positivt aspekt ved å studere her. Karakteren vi får i faga er basert på fleire oppgåver ein har i løpet av semesteret, fortel Guddal Muri.

Ikkje noko badestudie

Utanom studia er det mykje å oppleve.

– Mange trur at ein berre ligg på stranda og kosar seg her nede, men mykje av fritida vår går til å studere. Når eg først har fri, utforskar eg området rundt Gold Coast, trenar crossfit og heng med vener, fortel Andrea.

Langt heimefrå

Ein negativ del ved å bu i Australia, er avstanden frå vener og kjente.

– Det kan vere utfordrande å vere så langt vekke frå familie og vener til tider, men det går heldigvis som oftast bra.

Dyrt

I mange land er det billigare å studere enn i Norge. Men, i Australia må ein belage seg på «norske verdiar».

– Prisnivået er om lag det same som i Norge. Leigeprisane på Gold Coast er litt rimelegare enn i Norge, medan dei i Sydney er dyrare, seier Andrea.

Anbefaler Australia

Ho kan anbefale Australia på det sterkaste.

– Eg anbefaler landet, både for studiar og arbeid. Alle har godt av erfaringa. Følg draumane dine, og ta sjansen. Om ein angrar, er det ikkje verre enn å reise heim igjen, avsluttar Muri.

Eit studentfenomen vi også har i Norge. Foto: Privat
Andrea er aktiv i Crossfit-miljøet på «Gullkysten». Foto: Privat
«Gullkysten» er kjent for sine vakre strender. Foto: Privat
– Australiarar er veldig hyggelege, og lette å kome i prat med, kan Andrea fortelle. Foto: Privat
Andrea og veninna Camilla Island kjem godt overeins med «lokalbefolkninga» på «Gullkysten». Foto: Privat