Då Johannes Thingnes Bø tok sigeren på normaldistansen i skiskyting for menn i OL i Pyeongchang torsdag vart han den  første frå Sogn og Fjordane som har vunne individuelt gull i vinter-OL.

Den einaste individuelle medaljen Sogn og Fjordane har frå tidlegare vinter-OL er det i følgje NRK Odd-Bjørn Hjelmeset som har. Han tok bronse på 5-mila under OL i Salt Lake City i 2002.

– Eg hadde ein superbra dag. Eg opna smart på dei to første rundane. Eg merka at forma vart betre og betre på runde tre og fire. Det er løpsopplegget som gjer at eg tar gull med den skytinga eg har hatt, sa Bø til TVNorge etter løpet.

(©NPK)