Volda og Hornindal Arbeidarparti har slått seg saman. Sverre Leivdal frå Hornindal er første leiar.

Volda og Hornindal Arbeidarparti heldt torsdag 15. februar årsmøte saman på Raftevold’s Hotel på Grodås, der det vart gjort vedtak om å oppløyse dei gamle lokallaga og slå dei saman til eit nytt Volda Arbeidarparti.

Sverre Leivdal frå Hornindal vert den første leiaren i nye Volda Ap. Han arbeider i Volda, som dagleg leiar av AV-senteret AS/Globalskolen AS. Tove Aurdal Hjellnes frå Volda vart vald til nestleiar. Ho er biblioteksjef både i Volda og i Hornindal, fortel Volda Ap i ei pressemelding.

Det nye styret består elles av Milan Ilic, Anne-Grete Eiken og Jan Henning Egset frå Volda, og Elsa Eilertsen Raftevold og Per Maurset frå Hornindal.

Leiar i Møre og Romsdal Arbeidarparti, Per Vidar Kjølmoen, og stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal, deltok på møtet. Kjølmoen gav gode råd i arbeidet med å sameine Volda og Hornindal. Han la vekt på at storebror no må vere raus, og at veslebror ikkje må legge opp til strid mellom sentrum og periferi. Det var god stemning på stiftingsmøtet og Volda Arbeidarparti ser fram til å byrje arbeidet med å lage politisk program og valliste til kommunevalet i 2019.