Miljødirektoratet har invitert kommunane til å søke om deltaking i eit seks år langt pilotprosjekt med kommunale beltebilløyper for catskiing. Seks kommunar i landet skal få tilbodet.

Tysdag handsama formannskapet kven kommunen sjølv skal anbefale overfor Miljødirektoratet. Sommarskisenteret og Vangen aktivitetssenter har søkt om å få tilbodet.

– Innfrir alle krava

– Stryn Vinterski har ikkje søkt. Vi har to søknadar inne. Kan de gjere greie for kvifor sommarskisenteret er tilrådd framfor Vangen, ville ordførar Sven Flo vite.

I korte trekk svarte plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal at sommarskisenteret, som over lengre tid har markert ønske om å delta i pilotprosjektet, innfrir alle krav og kriterium som Miljødirektoratet har sett for aktuelle kandidatar.

Satsar på eitt kort – Konkurransen om eit slikt tilbod er knallhard. Skal vi ha ein sjanse så må vi satse på eitt kort der alle kriterium er oppfyld, sa Geirmund Dvergsdal. Foto: Roger Oldeide

Han la til at støyproblematikken ville vere mindre ved Tystigbreen og poengterte at sommarskisenteret vil kunne auke sesongen til ut i september.

Diskusjonen gjekk vidare på om kommunen burde sende to separate søknadar; ein for Vangen aktivitetssenter og ein for Stryn Sommerski.

Eit av tre i landet

– Eg ser ikkje problemet med å sende to søknadar. Det verste som kan skje er at vi får eit nei, sa Per Kjøllesdal (Sp).

– Det hadde vore eit stort pluss for Vangen å kunne tilby dette, men oppfyller dei ikkje krava så er det kanskje feil å hekte dei på. Det er totalt seks anlegg i landet som får tilbodet, så det er utopisk å tru at vi får to slike tilbod i Stryn, sa Torstein Tvinnereim (V).

Klemet Bø (KrF) gav uttrykk for at han ikkje såg for seg catskiing ved Vangen.

– I utgangspunktet meiner eg toppturar er for dei som kan går på eigne bein, men Strynefjellet er ein annan type destinasjon. Det er viktig for Stryn Sommerski å kunne forlenge sesongen, sa Bø som støtta rådmannen si tilråding.

Hard konkurranse

– Konkurransen er knallhard. Skal vi ha ein sjanse så må vi satse på eitt kort der alle kriterium er oppfylte, sa Dvergsdal.

Det vart av fleire poengtert at Stryn Sommerski, som eitt av tre sommarskisenter i landet, burde vere ein sterk kandidat.

Ei prøverøysting viste tre røyster for å fremje to søknader, men formannskapet gjekk til slutt samrøystes inn for å sende søknad berre for Stryn Sommerskisenter.