Lagerutsalget i Olden opna dørene igjen 15. februar med kaffi og marsipankake til kundane. Butikklokala er pussa opp.

– Vi har fått nye prøverom, i tillegg har vi lakkert golvet, fortel Anne-Lill Opheim Drageset ved Lagerutsalget. Butikken stengde 31. oktober i fjor og har sidan fått ei aldri så lita oppshining.

Framleis Sunde bukser

Buksene frå Sunde er eit begrep, og Lagerutsalget sel framleis buksene som har røter heilt tilbake til 1952. Herreklede, skjorter, fritidsklede og ytterjakker er også å finne i butikken.

– Etter kvart var det mange som spurde etter dameklede, så då måtte vi begynne med det og, seier Margun Sunde Drageset.

Ventar på turistane

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er rolege dagar i butikken på denne tida av året.

– Fram til påske er det forholdsvis roleg, men etter det er det mange som er innom, seier Anne-Lill Opheim Drageset. Som så mange andre butikkar har også Lagerutsalget merka eit endra handlemønster blant folk.

– Folk handlar mykje meir på nett no, seier Margun Sunde Drageset, som set kundeservice høgt for å halde på kundane:

– Mange synest det er kjekt å kome innom, og får dei god service kjem dei gjerne tilbake.

Håpar på «Hoven-effekt»

Ho seier vidare at ein del møringar handlar på veg til eller frå Briksdalen, og at Kvivsvegen har hatt ein positiv effekt. Vidare håpar Lagerutsalget på ein ytterlegare «Hoven-effekt» i år. Av turistane er det russarane som handlar mest, medan engelskmennene er noko meir tilbakehaldne. Med over 100.000 cruisegjester i Olden i løpet av ein sommarsesong er det desse i lag med andre turistar som utgjer hovudinntektene. Margun Sunde Drageset har då også lista over cruiseanløp for i år liggande under disken.

– Vi held ope kvar dag, og frå 15. mai til 15. september held vi også søndagsope, seier Anne-Lill Opheim Drageset.

Ikkje tid til å bli pensjonist

Margun Sunde Drageset har drive Lagerutsalget i dei noverande lokala i 30 år. Tidlegare heldt dei til i Sundekjellaren på andre sida av gata.

– Eg skulle no ha pensjonert meg, men det blir visst ikkje enno, ler Margun, som i løpet av Fjordingen sitt besøk har gitt Anne-Lill tittelen dagleg leiar.

Anne-Lill Opheim Drageset ved Lagerutsalget i Olden. Foto: Thomas Thaule