– Totalt er det snakk om 98 anløp, der eitt av dei er på Sandane, opplyser Sølve Oldeide i Nordfjord Havn.

Ni anløp kjem til Loen, i tillegg kjem seglskipet Statsraad Lemkhul som ikkje blir rekna som eit cruiseanløp.

– «MSC Preziosa» på heile 333 meter blir eit spennande og nytt anløp, og det er verdt å merke seg at heile ni av anløpa er AIDA-skip, opplyser Oldeide vidare.

Det er venta om lag 165.000 besøkande gjester til Olden i løpet av sesongen. Dermed ligg det an til at fjorårets besøksrekord på om lag 140.000 gjester blir grundig slått allereie i år.

2017 var for øvrig fjerde år på rad at Olden hadde meir enn 100.000 cruisegjester i ein og same sesong.