Ein lang og ein kort ekstrem via ferrata i tillegg til to ziplines i Gjølmunna.  Loen Active byggjer ut og inviterer til spennande opplevingar i fjellveggen opp mot Hoven.

Via Ferrata Loen har vore stor suksess. No er tida inne for å utvikle og tilby endå meir ekstreme opplevingar. I slutten av mai startar det austerrikske selskapet HZI arbeidet med å byggje to nye via ferrataer, samt to såkalla ziplines i fjellet oppunder Hoven.

– Dei nye via ferrataene eller klatrestiane vert tilbod til dei tøffaste, medan ziplines i øvste del av Gjølmunna vert opplevingar for alle nivå, seier Erik Brendefur, dagleg leiar i Loen Active.

Rett innunder gondolbana

Den lengste klatrestien som skal etablerast vert spektakulær på fleire måtar.

– Denne klatrestien startar på 540 høgdemeter, i enden av ein sti som tek av 70 meter nedanfor innsteget på eksisterande via ferrata. Herifra går klatrestien tett ved og meir eller mindre parallelt med pendelbana til Hoven, heilt til topps. Dei som har køyrd bana veit at dette er stupbratt fjell. Dette vert ein klatresti for dei tøffe og spesielt trente, og ikkje for nybyrjarar.

Ekstrem via ferrata: Denne skissa som er send inn til Stryn kommune saman med omtale av utbygginga, viser korleis den nye via ferrataen vil gå omtrent innunder gondolbana til Hoven.

Sjølve via ferrataen vert spektakulær for dei som skal gå han, og det vert og spektakulært fordi passasjerane i pendelbana kan sjå klatrarane rett innunder gondolen, fortel Erik Brendefur. Denne stien vert så bratt at det ikkje vil bli tillate fleire enn fire gjester saman med førar i kvart lag.

Ziplines og endå ein via ferrata

I samband med eksisterande via ferrata vil det og bli bygd ut to ziplines øvst i Gjølmunna. Styreleiar i Loen Active, Richard Grov, fortel at kvar zipline vert om lag 120 meter lange. Desse vil bli bygde slik at brukarar på alle nivå kan få oppleve å suse gjennom lufta, hengjande i wiren. Etter å ha køyrd ziplne kan folk velje mellom å gå inn på eksisterande via ferrata eller ein ny ekstrem ein.

– For dei tøffaste vil vi byggje ein ny ekstrem via ferrata opp ein 90 meter høg fjellvegg. Dette vert ein barsk avslutning etter å ha køyrd zipline, og betyr at vi vil by på tilbod i heile spekteret frå det enkle til det superekstreme, seier Grov.

Firmaet HZI er same selskap som bygde Via Ferrata Loen i 2011, Gjølmunnebrua i 2013 og Gjølmunnestrengen i 2015.

– No er dei klare for endå meir utbygging. Vi satsar på å ha dei nye tilboda klare innan 1. juli, seier Grov og Brendefur.