Ein 19-åring frå Nordfjord må rekne med å vere fotgjengar i lang tid framover, og må og ta høgde for å sone fengselsstraff, etter at strynepolitiet stogga han etter gjennomsnittsmåling på 150 km/t i ei 80-sone på rv 15 i Eid kommune torsdag kveld. Politiet opplyser til Fjordingen at føraren og hadde med seg ein kamerat i bilen då råkøyringa fann stad.

19-åringen sitt førarkort vart beslaglagt på staden.