Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL var svært nærme å få med seg ein bronsemedalje på normaldistansen i hovudlandsrennet fredag. Trass to bom var det berre fem sekund som skilte henne frå den. Ho var to sekund frå fjerdeplassen.

Og rett bak Kirkeeide, på 6. plass, kom ein annan markaneløpar. Emilie Flo Stavik var berre seks sekund bak Kirkeeide, og då med eit halvt tilleggsminutt meir. Dei var høvesvis 39 og 45 sekund bak vinnaren Siri Galtung Skar frå idrettslaget Try.

Også Hedda Garlid Hilde, Markane IL, gjekk eit godt løp i Brummunddal og vart nummer 16 av dei 65 løparane. Ho skaut godt og pådrog seg berre eit halvt tilleggsminutt.

Sterkt av Sølvberg

Også Tord Sølvberg imponerte stort i 15-årsklassen. Løparen frå Fjelli, som går for Hardbagg IL, kjempa heilt i toppen etter første skyting der det vart fullt hus. Dessverre vart det to bom og eitt minutt i tillegg for Sølvberg på den andre skytinga, men takka vere eit sterkt langrenn låg han lenge på pallplass i mål og det heldt til slutt til ein svært solid 7. plass. Han var omlag 40 sekund frå bronsemedaljen og 2.35 bak vinnar Jakob Lundby frå Østre Toten Skilag.

I morgon ventar sprint for løparane, og med mange sterke langrennsløparar blant våre lokale kan det by på gode plasseringar sjølv om ikkje alle blinkane skulle gå ned.

Tord Sølvberg, Hardbagg IL, fekk ein flott 7. plass på normaldistansen i klassen gutar 15 år.