Stella Birthe Poland (16) var mellom dei 23 som var først ut i dommarutvelgelsen i Norske Talenter fredag kveld, og ho var også mellom dei første som fekk klarsignal for semifinale og livesending i april.

Harpespelaren, som har vakse opp både i Holland, Stryn og Hornindal, klarte også denne gongen å framkalle tårer hos dommarane.

- Frå første tone byrja tårene å trille. Detdu gir er ei gåve, sa ei svært begeistra Janne Formoe.

- Det var alldelesnydeleg, uttrykte Mia Gundersen.

- Du skaper magi, la ho til.

Sendinga fredag var eit opptak frå i fjor haust, men neste gong Poland opptrer kjem det ein ny spenningsdimensjon til, sidan sendinga då går direkte ut til dei tusen heimar.