– Dårleg prosess og slett arbeid. Og heilt uakseptabelt å skulle betale eigedomsskatt av maskiner og utstyr. Vert ikkje dette justert ned til fornuftig nivå, vert det rettssak mot Stryn kommune.

Det seier økonomisjef Alexander Hopland og controller Joar Sæten i Nordfjord Kjøtt. Verksemda i Loen som tel 281 årsverk om omset for over to milliardar kroner i året, er største private arbeidsplassen i Stryn kommune og desidert største skattytar. No vil Stryn kommune ha endå meir i skatt.

– Takseringa konkluderer med meir enn dobling av grunnlaget for eigedomsskatt, frå 122,5 til 262,5 millionar kroner. Berre på fabrikkbygning med inventar er takseringsgrunnlaget auka frå 86,3 til 206 millionar kroner. Kommunen har med dette som grunnlag auka den årlege eigedomsskatten frå 367.000 kroner til 708.000 kroner. Det er heilt uakseptabelt og vil sjølvsagt bli påklaga. Vi betalar skatten vår med glede, men ikkje når det er på feil grunnlag og premissar. Eigedomskatt er ein skatt på eigedom, ikkje på den virksomheit som driv der. VI håpar vi kjem i mål med kommunen i klageprosessen, dersom ikkje tek vi rettslege steg, seier Alexander Hopland.

– Kortsiktig og konkurransevridande

Han og Joar Sæten er klare på at Nordfjord Kjøtt ikkje vil akseptere skattlegging av produksjonsutstyr og installasjonar.

– Stortinget har sagt at den såkalla maskinskatten skal fasast ut. Lova seier klart at kommunestyret står svært fritt til kva kommunen kan skrive ut skatt på. Det står svart på kvitt i Lov om eigedomsskatt at ein til dømes kan skattleggje faste eigedomar i heile kommunen, unnateke verk og bruk og annan næringseigedom. Når Stryn kommune no vil innføre maskinskatt samtidig som Stortinget vil fase denne skatten ut, er det både kortisiktig og konkurransevridande, poengterer Hopland og Sæten.

– Brotne løfter

Tidlegare i vinter møttest næringslivet i Stryn og kommunen til møte vedrørande eigedomsskatten og prosessen rundt taksering.

– Det har vore ein dårleg prosess i frå byrjinga, der næringslivet var usikker på prosessen og utfallet. På bakgrunn av erfaring av liknande taksering i andre selskap, såg vi tidleg at dette kom til å bli heilt feil.

På møtet var det semje om at den enkelte bedrift skulle bli involvert før vedtak. Sjølv om vi har teke initiativ fleire gonger til møte, har vi ikkje fått tilstrekkeleg dokumentasjon eller forslag til endelig takst før vi såg det på nettsida til kommunen. Når vi i ettertid har fått tilsendt grunnlaget på maskiner og utstyr, er det slett ikkje rett. Blant anna er bygg taksert som tekniske anlegg, seier Alexander Hopland.

Juridisk bistand: – Advokaten vi har konsultert, seier det ikkje er heimel i eigedomsskattelova med tilhøyrande rettspraksis for å ta med det maskineri/utstyr Stryn kommune vurderer å ta med i grunnlaget for Nordfjord Kjøtt, seier Alexander Hopland t.v. og Joar Sæten. Foto: Bengt Flaten