Nesten like sikkert som at våren er i anmarsj er det at strynerussen set ny innsamlingsrekord i den årlege aksjonen for Kreftforeininga. I år passerte dei imponerande 200.000 kroner!

– Eg trur rekorden skal bli vanskeleg å slå, for vi slo den gamle med nær 30.000, fortel innsamlingsleiar Kari Skogen stolt. Førebels resultat viser 217.000 kroner, og enno tikkar det inn kroner på Vipps-kontoen.

– Vi la att lappar med Vipps-nummer til dei som ikkje var heime, så langt lappane rakk, seier Skogen. Mesteparten har kome inn på tradisjonelt vis, med fysiske pengar putta på bøssene, men fredag synte tala at 33.000 var kome inn på Vipps og 21.000 på Facebook-innsamling.

– Ja, så vi har brukt dei nye digitale hjelpemidla godt, smiler leiar Skogen og medlem av komitéen, Rebecka Gjertsen.

Mange bidrog: Desse, og nokre til, bidrog til russen sin innsamlingsrekord på ca 220.000 kroner.

Dei to jentene legg ikkje skjul på at det var ein stor motivasjon for elevane å slå tidlegare russekull.

– Vi kunne ikkje vere det året der det ikkje vart sett rekord, smiler Skogen.

Men også saka i seg sjølv var viktig og motiverande for dei som gjekk med bøsser, og alle stader vart dei godt mottekne.

– Ja, det er mange som er gåvmilde. Det er ei sak dei fleste vil gi til, alle har eit forhold til kreftsjukdomen, seier dei to jentene.

–Takk: Innsamlingsleiar Kari Skogen (t.v.) og komiteleiar Rebecka Gjertsen var svært tilfredse med innsatsen til alle bøsseberarane. – Og ei stor takk til alle som gav, seier jentene.

- Så engasjerte og pliktoppfyllande

Og strynerussen sin innsats blir lagt merke til.

– Det er så fantastisk å sjå kva dei får til! strålar Lena Teigland. Ho er aksjonsleiar for Krafttak mot kreft i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Det er utruleg kjekt å samarbeide med russen i Stryn, dei er så engasjerte og pliktoppfyllende. Ein ting er at alle stiller opp og går med bøsse, men det er også dei som organiserer heile aksjonen i kommunen. Vi berre sender materialet og så fiksar dei resten sjølve, skryt Teigland.

Ho trur Stryn plasserer seg heilt i toppsjiktet i landet med dette innsamlingsresultatet.

– Vi er imponert over resultatet, og i høve talet russ på skulen er dei absolutt ein av toppskulane i landet, seier ho, og legg til ein takk til alle givarane.