Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, er litt stolt over at hytteseljar brukar område frå Hornindal til å pynte på salsannonse. Han stussar likevel over dette og trur ein potensiell kjøpar vert overraska ved visning. - Men dei er velkomne til å byggje hytte her i Hornindal og vi har hyttefelt med ledige tomter. Då får kjøparen verkeleg nyte naturen, kjem det leande frå Lødemel.

Boligkonsulent Kai Karlsen hos JBE Boligbygg AS har fått nokre spydige meldingar om annonsert hytte til sals i Hurdal.

Salsannonsa gjeld «Hyttedrøm kan nå oppfylles i Hurdalslia – en perle ved Hurdalsjøen», og har mellom anna sirkulert på Facebook. Fotoet i annonsa viser hytta i eit naturskjønt område, og teksten fortel om kort veg til hovudflyplass på Austlandet.

Det mange har reagert på, er at naturen kring hytta er velkjend for folk i Nordfjord. Det særeigne fjellet i bakgrunnen er utvilsamt Honndalsrokken i Hornindal kommune.

Boligkonsulent Kai Karlsen ler godt når han får spørsmål kring dette og fortel at biletet er henta frå Blink Hus sitt arkiv.

– Eg har fått sarkastiske meldingar, mellom anna med spørsmål om å vere med og finne staden, seier Karlsen. Han forklarar at illustrasjonsbilete vert laga på denne måten, og at hytta er redigert inn i eit bilete av området. Karlsen sier ein må vere samd i at naturomgjevnadene er vakre kring hytta som er framstilt i annonsa.