Då flaumen råka Utvik var bygda heldig at dei hadde ein dyktig ordførar i Stryn. Ordføraren tok seg tid til å vere i bygda. Han lytta til dei gode råd og innspel han fekk frå bygdefolk. I Utvik er det folk som ikkje berre har teoretisk kunnskap, men praktisk innsikt og forstand. Ordføraren tok med seg dei gode råda og klarte på ein smidig måte å løyse dei kortsiktige konfliktane med styresmakta og finne gode løysingar for framtida.

Cruisekaia i Olden har blitt bygd av Stryn kommune og drive fram av Aslak Lefdal. Stryn kommune valde å gå inn i Nordfjord Havn. Slik eg ser det, har cruisekaia i praksis blitt ein liten filial av Måløy havnevesen. Nordfjord Havn fekk eit ferdig konsept som verksemda har skumma fløyten av i mange år. Cruiseskipa betalar hamneavgift pr. tonnasje og store skip legg att mykje pengar.

Hamnesjefen som no er pensjonist, har presentert store vyar på Myklebust-tomta, men det har blitt med tomt prat. Planane kan sjå fine ut på eit skrivebord i Måløy, men eg undrast kvifor kommuneadministrasjon og ordførar har latt kontoret i Måløy aleine legge føringane før reguleringsplanen. På same vis som Utvik er det i Olden folk med praktisk vit og forstand, men dei har ikkje blitt lytta til.

Eg har ingen økonomiske interesser i turistnæringa i Olden. Eg er berre ein tilflyttar som etter kvart kjenner meg som oldar og som ikkje har slutta med å være samfunnsengasjert etter eg har blitt pensjonist. Men eg har ei kort tid vore kaigut for «Lakken». Enn så lenge er det same gode driftsopplegg. Så snart skipa er lagt til kai, står bussar med guidar og sjåførar klare på kaia til frakte passasjerane som har tur inkludert i cruisebiletten vekk frå området. Det same gjeld for passasjerane på tenarbåtane frå skip som må ankra opp på fjorden. Med mange tusen turistar i ei lita bygd, er det fint at logistikken fungerar og at ein kan spreie trafikken.

Når turbussane er vekke, er kaia ledig til å gje gode tilbod og oppleving til turistane som ikkje har booka tur før dei kjem til hamna. Alle desse tilboda er med å gjere Olden til eit attraktivt reisemål og gode reiseoppleving er beste reklame for fleire turistskip.

Nord for cruise-kaia, retning mot Olden Fjordhotell og Loen, er det ledig område. Ein slepp sjøbotn med leire. Her stikk fjellet fram. Ypparleg til framtidig kai og til tenderkai. Ein slepp tendring under trossene. Ein får samle all kaiaktivitet på eit område.

Shuttle-buss frå cruise-kaia til Myklebust tomta er sikkert enkelt på eit kart på eit kontor i Måløy. Men i Olden tek det tid og kostar pengar. I Olden skal ein konkurrere med mange cruisehamner.

Oppmodar ordførar til å ta initiativ til å «pensjonere» planane for Myklebust-tomta og syte for regulering og utbyggingsplanar nord for cruise-kaia! Oppmodar også ordførar til å samle alle gode aktørar i Olden, la alle få kome med innspel og få dei til å trekke i lag til felles beste.

John Selmer Skiftesvik