Sist veke opna Marita Hjelmeland og Maja Igland dørene til Nério + Fend i Stryn sentrum.

Maja Igland starta for nokre år sidan Nério i Tonningsgata. Sidan har ho flytta, drive berre nettbutikk ein periode, og er no tilbake i dei første lokala.

– Eg sakna kontakta med kundane! seier ho.

No har ho fått selskap av Marita Hjelmeland, som driv salongen Fend. Marita er utdanna i negleteknikkk og kroppspleie ved Tone Lise-akademiet, og har praktisert i to år. Salongen har fokus på vipper, negler, spraytan og voksing.

– Spraytan har blitt eit populært alternativ til sol. Eg brukar økologiske, parabenfrie produkt, så det er ein fin måte å få ein frisk brunfarge på utan å skade huda, seier Marita.

Godt besøk: Det var kø utanfor då butikken opna torsdag kveld. – Utruleg kjekt, seier eigarane.

Økologisk

Dei to gründerane har mange økologiske produkt i butikken, sjølv om dei ikkje har ein rein økologisk profil. Mellom anna her dei økologiske såper, handkremar og tøyvaskemiddel.

– Merka har byrja å bli meir miljøbevisste, noko vi set stor pris på. Jeansmerket vi sel har til dømes ein veldig miljøbevisst profil, seier Maja Igland.

Kø på opningsdagen

Det var stor interesse for Nério + Fend då dørene vart opna torsdag kveld.

– Det var kø utanfor då vi drog av papiret på vindauga, det var kjempekjekt å sjå! seier Marita og Maja.

Inne i lokala fann kundane ei allsidig verksemd med kle, sko, salong for negledesign, vipper, spraytan og voksing, og dessutan bøker, plantar og vesker.

I klesavdelinga er det fokus på damekle, frå jeans til bikini og undertøy. Alle produkt er også tilgjengeleg i nettbutikk.

Økologisk: Sjølv om butikken ikkje har ein økologisk profil, har dei fleire økologiske produkt, fortel Marita og Maja.

Levande sentrum

No håpar dei to gründerane at butikken deira vil vere eit positivt tilskot til eit levande Stryn sentrum.

– Vi ønskjer å bidra med noko nytt. Vi er veldig opptekne av eit levande sentrum, og ønskjer at både tilreisande og stryningar sjølve skal vere klar over kva for eit fantastisk sentrum vi har, seier Maja.

Brei kundegruppe

I lokala har det vore hektisk i innspurten fram mot opninga.

– Vi har bygd innreiinga sjølve. Og så har vi hatt fire fantastiske foreldre som har stått på for å hjelpe oss, seier Marita.

No håpar dei at kundane vil kose seg.

– Vi ønskjer å nå ei brei kundegruppe, seier Maja.

– Dra folk til Stryn og butikken. Og så vil vi at dei skal få ei god kjensle berre av å vere her. Ein feel good-butikk!