Ei kvinne busett i Stryn er sikta for smugling og ein mann er sikta for smugling, medvirking til smugling og bruk av dop.

Kvinna vart nyleg stogga i tollen på Gardermoen etter å ha kome til Norge frå utlandet.

– Tollarane fann dopingmidler i kvinna sin bagasje og varsla politiet. Dermed vart kvinna pågripen og bøtelagt, opplyser politibetjent Jan Tore Sunde.

– Skulle til kjenning i Stryn

Han fortel at kvinna i avhøyr med politiet hevda ho ikkje visste innhaldet i pakka ho hadde med seg, og at denne skulle til ein kjenning i Stryn.

– Politiet i Stryn vart dermed varsla, med ransakingsordre i bustaden til vedkomande. Her fann vi mindre mengder doping og ein del brukarutstyr, seier Sunde.

– Beslaget som vart gjort på Gardermoen, bestod av dopingmidlar i form av veksthormonar. Storleiken på dette beslaget dannar grunnlag for å etterforske om delar av partiet var meint for andre enn mottakeren, seier Sunde.

Både kvinna og mannen som er sikta i saka, er utanlandske statsborgarar busette i Stryn.

– Etter at vi fann dopingmidlar på bupel og konfronterte vedkomande med beslaget på Gardermoen, erkjente mannen medvirking til innførsel av dopingmidlar. Han erkjente og innførsel ein gong i 2017 samt bruk av dopingmidlar. Han sa seg og villig til å vedta eit førelegg, seier Sunde.

Politiet er ikkje ferdig med etterforskinga av saka, og påtalemakta har dermed ikkje konkludert med eventuell straffeforfølging.

– Kan bli fleire saker

– Dette er andre gong ei dopingsak i Stryn kjem fram i media. Er det eit miljø for doping i Stryn?

– Det er er ikkje så mange år sidan doping vart ulovleg i Norge. Politiet har auka fokus på denne type misbruk dei siste åra, men det er vanskeleg å seie kor mange som brukar doping. Men vi har mistanke til fleire, både i Stryn og andre stader i Nordfjord. Eg ser ikkje vekk frå at det kan bli fleire likande saker, seier Sunde.

I romjula skreiv Fjordingen om doping etter fleire beslag i Stryn og Nordfjord. Der fortalde og Gym Stryn at dei er sertifiserte av Antidoping Norge som «Rent senter» som tek tydeleg avstand frå dopingbruk.

– Bruk av doping fører til psykiske lidingar. Det kan føre til angst, ein kan bli manisk depressiv, agressiv og få personlegheitsforstyrrelsar. Fysisk kan bruk av dop føre til at hjartet veks. Doping er farleg. Difor prioriterer vi å avdekkje slike saker, seier Sunde.