Olden Eigedomsutvikling AS oppmodar i eit brev til Stryn kommune om å vurdere omregulering av felt BK1 i Naustbakkane for å gjere tomta lettare å utnytte.

Brevet vart utlevert i sektorutvalet for tekniske saker sitt siste møte. Utvalet har i utgangspunktet ingen avgjerande merknader på at område BK1 blir omregulert, men presiserer at kommunen ikkje kan ta på seg kostnader til planarbeid eller kostnader med å oppgradere straumkapasitet. Desse tiltaka må eventuelt utførast i privat regi.

Om Olden Eigedomsutvikling AS vil starte planarbeid med tanke på ei eventuell omregulering trengst det i så fall eit oppstartsmøte med kommunen.