Kva er det som motiverer folk til å bli ein slik ein som meiner høgt, som frontar eit parti og som vel side i sak? I eit demokrati håpar eg at det har med eit sterkt indre ønskje om at samfunnet vårt skal vere ein god plass å bu i, for alle. Eit demokrati skal vere eit rettferdig samfunn, der alle skal bli høyrt og om ein ikkje blir einige tek ein avgjersler ved å stemme.

Fleirtalet rår, heiter det seg, og det skal ein respektere, men dei som styrer i eit demokrati må aldri gløyme at dei også skal rå over mindretalet på rettferdig vis. I eit land, i eit fylke, i ei kommune, demokrati i alle ledd. Blir vi ikkje einige, vi stemmer, tek avgjersler, men uansett utkome tek vi omsyn til kvarandre.

Gode kandidatar

Denne veka kunne ein lese om ei sak som har vore oppe i kommunestyret, denne gongen handla det om at Miljødirektoratet hadde opna opp for at skianlegg i Noreg kunne søke om løyve til å drive med catskiing. Eg er ikkje så inne i denne skiverda, men eg har funne ut at det handlar om å bli frakta opp på toppar med trakkemaskin for å stå ned att på ski. Dei som får lov og vil, må gjerne gjere det for min del.

Det som forundrar meg her er at Stryn kommune har tilrådd Stryn Sommarski som einaste kandidat, sjølv om Nordfjord Fritidssenter også var interesserte i å komme med. Ifølge det eg les i avisa oppfyller dei også alle krav. Mitt store vesle spørsmål til politikarane er, på kva grunnlag stemmer de fram det eine framfor det hitt?

Miljøomsyn

Det kan vere av miljøomsyn, men eg ser ikkje at det gjer mindre inngripen i naturen på den eine eller den andre plassen. Det gjer kanskje det? Meir eller mindre dyreliv på den eine eller den andre plassen? Meir støyproblematikk?

Arbeidsplassar

Er det arbeidsplassar? Eg veit ikkje eksakt kor mange som er i arbeid på dei to plassane, men eg veit at løypenettet på Nordfjord Fritidssenter er basert på friviljug innsats. Fleire eldsjeler har lagt ned årevis med timar for at dei som søkjer fysisk og psykisk helse i skisporet, skal kunne gjere det. Altså er det ingen ein treng å redde inntekta til der ute, dei tener uansett ikkje på det. Å jobbe for at innbyggjarar i Stryn skal få helsegevinst ved å kunne røyve seg i oppkøyrde løyper er kanskje ikkje verdiskaping god nok.

Plassering og marknadsføring

Kan det vere at det eine anlegget er ein betre representant for kommunen? Sommarski dreg austlendingar over fjellet tidleg på sommaren og legg att pengar på denne sida. Spektakulære bilete av folk i bikini og shorts, mot kvit og azurblå bakgrunn. Ein heilt gratis reklameplakat på Instagram, #StrynSommarski. Omdøme og ringverknadar, ja da eg ser dette. Nordfjord Fritidssenter har hittil vore eit lite, men breitt og godt tilbod til dei som tek turen ut eller inn, frå omlandet i kring. Og det er billeg, betaler du for parkeringa, så fiksar Sølvberg Snøservice og Veten IL resten. Kall det eit lågterskeltilbod, som alle kan ha råda til. Det blir ikkje mykje pengar til det lokale og sentrale næringslivet av slikt. MEN det blir mykje glede og mykje helse og tilhøyrsle. Mjuke verdiar, vanskelege å måle i gull og edle steinar.

Kundegruppe

Er det kundegruppa ein vender seg mot? Eg trur ikkje eg lyg om eg seier at Sommarski dreg fleire mellom 18 og 40 enn kva Nordfjord Fritidssenter gjer. Utan at eg har forska så nøye på det. Ei betalingsviljug gruppe.

Nordfjord Fritidssenter har eit godt tilbod for innbyggjarane i Stryn, for familiar, for eldre og yngre. Det bidreg til at Stryn kommune er ein kjekk plass å bu på, også om ein ikkje bur i sentrum. Den friviljuge innsatsen er ein berebjelke i Stryn som bygdesamfunn, som ein kunne ha støtta ved å, i det minste, gje dei ei hand i ein slik søknadsprosess. Og eg kan ikkje skjønne at det hadde kosta kommunen noko. Lokalpolitikarar med eit ønskje om at Stryn skal vere ein god kommune å leve livet sitt i, oppdra ungane sine i og bli gamle i, burde ha omfamna eit slikt engasjement.

Verdiskaping og lokalpolitikk

Eg forstår at lokalpolitikarar skal fremje saker som kjem kommunen til gode, reint økonomisk, ein viss økonomi er naudsynt. Men kva er god økonomi, er det veldig mykje pengar inn og fine bilete ut. Eller er det gode tilbod til innbyggarane, som gjer at dei skapar mykje fint seg i mellom, og i sin tur reklamere for at Stryn er ein god plass å bu? Eg vel å tru at det går an å kombinere dette, ved at ein som politikar ser alle desse verdiane og slik kan gje støtte til fleire forslag enn berre eitt. For dette er da lokalpolitikk.

Motivasjonen for å drive eit bygdesamfunn som Stryn

Også tek eg til å spekulere, kva er motivasjonen til politikarane. Kven er dei til for? Kva er det som driv dei? Det kan ikkje vere å klyppe snorer, få biletet sitt i avisa, gå med tunge smykker, snakke fint med folk, love seg vekk og bli godt likt, for å så sjå ein annan veg, prioritere på tvers av alt dette? Og kven og kva vel dei å støtte, når og kvifor?

For akkurat det kan ikkje vere kjekt. Stakkars politikarar.

I denne saka lurar eg verkeleg på korleis dei har tenkt.

Og eg kjem til å gruble ei stund.

Ruth Maria T. Heimlid

Innbyggjar i Stryn kommune