Olden Idrettslag søkjer Stryn kommune om eit tilskot på 25.000 kroner.

Idrettslaget søkjer om tilskot til drift av Olden IL sine to anlegg: Friidrettsanlegget ved Olden skule og til treningsbana på Alda stadion.

– Tilskotet skal brukast til å dekke utgifter til drift og vedlikehald av anlegga i 2018. Anlegga blir mykje brukt av elevar ved Olden skule og av laget sine eigne medlemer, og banene er opne for alle som vil drive idrett i Olden. Alda stadion har utgifter med vedlikehald i form av slodding og påfyll av ny sand på bana, samt at ein treng nye nett. Friidrettsanlegget ved skulen treng vedlikehald av banedekke, skriv leiar i Olden Idrettslag, Martin Klaesson i søknaden.