Jostedalsbreen nasjonalparkstyre drøfta i møtet sist fredag saka om sikringstiltaka i Kattanakken, som var sette opp utan løyve. Nasjonalparkstyret melde tiltaka til politiet, noko som har vekt reaksjonar lokalt.

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre vedtok før jul å politimelde den/dei som har sett opp boltar og kjetting som sikring av stien opp til Kattanakken i Oldedalen.

Saka har fått mange kommentarar i sosiale medium.

– Meiningslaus bruk av ressursar, sa Olav Kvame frå Oldedalen til Fjordingen for eit par veker sidan. Kvame, som understreka at han ikkje sjølv var involvert i oppsetjinga av sikringstiltaket, meinte det var vekkasta å bruke politiet sine ressursar på eit noko som var sett opp i beste meining.

– Dersom det er så skjemmande må det då vere råd å skru det ned att utan å måtte bruke politiet sine ressursar på ei slik fillesak, sa Kvame.

Ikkje ute etter å «ta» nokon

Fredag hadde Jostedalsbreen nasjonalparkstyre saka oppe att som ei referatsak. Ivar Kvalen, leiar for nasjonalparkstyret, seier til Fjordingen at når det er brot på vernereglane og nasjonalparkstyret ikkje kjenner til kven som står bak, så har styret i utgangspunktet ikkje anna val enn å politimelde.

– Vi er ikkje ute etter å «ta» nokon. Vi klandrar ingen for å ha gode tankar og intensjonar, men vi i nasjonalparkstyret har ansvar for at ein ser heile bildet, seier Kvalen.

I utgangspunktet forbode

Alle inngrep i nasjonalparken er i utgangspunktet forbode ved lov.

– Tanken bak dette tiltaket var god, intensjonane var gode. Det har vi ingen problem med å sjå, seier Kvalen.

– Korleis vil de handtere denne saka vidare?

– No vil vi ha ein dialog med politiet og få rydda opp i dette. Vi har fått ei forklaring på kvifor det er gjort. Min intensjon no er å løyse opp i denne saka på best mogeleg måte, seier Kvalen.

– Mellom anna slik at det blir laga ein plan over eventuelle sikringstiltak som skal gjerast på stien til Kattanakken. Ein plan som kan godkjennast.

Kven har ansvaret?

Kvalen seier det er fleire dilemma i ei slik sak.

– Ein ting er at det skal søkjast om å få gjere inngrep i nasjonalparken. Alle tiltak må vere godkjende før dei vert sette i verk, seier Kvalen.

– Det andre er det litt prinsipielle med å setje opp sikringstiltak som ikkje er godkjende. Kven har ansvaret for vedlikehald, kven har ansvaret viss dette losnar når folk brukar det? Det er mange ting som vi i nasjonalparkstyret er plikta til å ha kontroll på, seier Kvalen.

Trolltunga-problematikk

Kvalen, som også m.a. er leiar for nasjonalparkstyret for Jotunheimen/Utladalen, seier det også er ein problematikk knytt til kor vidt ein skal tilretteleggje i krevjande turområde. Dette har ein sett fleire andre plassar, t.d. over Besseggen, der Røde Kors rykkjer ut fleire gonger i veka fordi folk legg ut på den populære turen utan rett utstyr og føresetnad.

– Vi har diskusjon i styret om at vi har ein del område i nasjonalparken der ein med å legge veldig mykje til rette kanskje vil oppleve at ein del vil gå på turar som dei ikkje har føresetnad for. Då får vi litt Trolltunga-problematikk, seier Kvalen.

– Det er eit dilemma vi i nasjonalparkstyret diskuterer ein del. Vi vil sjølvsagt aldri nekte nokon å gå. Folk går på eige ansvar. Men dess meir enn legg til rette og «reklamerer» for ein attraksjon, dess viktigare er det at folk går der trygt. Og Kattanakken er ein krevjande tur. Det er ikkje ein tur for alle, seier leiar i nasjonalparkstyret, Ivar Kvalen.