Førre veke var Innvik AS og Gamle Ullvarefabrikken vertskap for 15 studentar frå Akademiet Kunst, Musikk og Design (KMD) – tidlegare kunstskulen i Bergen. 1.amanuensis Jon Pettersen og verksmeister/tekstilkunstnar Kari Merete Paulsen leia studentane. Dessutan var Kristina Daukintyte Aas med som kunstnerisk rettleiar. Vi hugsar ho frå utstillinga «Sabotasje» på Gamle Ullvaren.

Jon Pettersen finn det spanande å kome til Innvik AS med nye studentar. I lag med studentane har han utvikla eit «digitalt jacquard»-system. Studentane konstruerer ei fil på PC-en og legg inn mønsteret dei vil bruke i veven. Dette er tidkrevjande arbeid alt etter innhaldet i mønsteret.

Tidleg på 1800-talet fann Joseph Jacquard opp eit system for mekanisk rørsle av renningstrådane i veven. Det var revolusjonerande.

Vi fekk den digitale revolusjon på 90-talet. Det er denne kunnskapen Akademiet i Bergen og Innvik AS nyttar seg av. Når ein ser på dei motiva og mønstra som studentane arbeider med, ser det spanande ut for framtida. Ein skal ikkje sjå bort frå at Innvik-bedrifta på denne måten kan rekruttere fleire designarar.

Camilla Figueroa frå Chile får veve ut sitt ferdige produkt. Foto: Geir-Ståle Vatnamo
Heile flokken samla framfor Gamle Ullvarefabrikken. Foto: Geir-Ståle Vatnamo
Allyce Wood frå USA med sitt produkt. Foto: Geir-Ståle Vatnamo