Endre og Dagfinn Muri er leie av å bli avfeia som vanskelege. Dei trur også at kommunen har ei dårleg sak dersom dei vil prøve å oreigne "asfalt-tippen".

– Ordførar Sven Flo er ute med ein del sleivspark som trengst å kommenterast, seier ein tydeleg opptrekt Dagfinn Muri, og syner til oppslaget i Fjordingen førre fredag. Der seier Sven Flo at det ikkje har vore noko poeng å forhandle med Endre Muri om «asfalt-tippen», så lenge han stilte ultimatum ved å behalde avkøyrsla til tomta.

– Då er det grunn til å vise til brev datert 2/2 2015 frå rådmannen, seier Dagfinn, og held fram skrivet han meiner viser at kommunen meir enn nokon er dei som stiller ultimatum. Brevet er stila til sonen Endre og har overskrifta Vedkomande invitasjon til forhandling om overtaking av gnr. 86 bnr. 20 (asfalt-tippen, journ. anm.).

«Slik brevet Dykkar blir tolka har de ikkje ynskje om å forhandle med sikte på avhending og frå kommunen si side ser ein det difor nyttelaust å kalle inn til nytt forhandlingsmøte (...) Det blir med dette meddelt at det frå kommunen si side vil bli førebudd sak med sikte på ekspropriasjon av den aktuelle parsellen dersom det gjennom forhandlingar ikkje blir oppnådd semje om frivillig avståing».

– Har blitt neglisjert

Muri meiner det i lys av dette blir heilt feil å skulde dei for manglande forhandlingsvilje, når kommunen sjølve heile vegen har signalisert at det berre er eitt interessant utfall, nemleg avhending av tomta.

– Men stiller ikkje også de eit ultimatum, når de set som absolutt krav å behalde avkøyrsla?

– Dei kjem ikkje med alternativ til tilkomst frå andre sida. Og visst dei stenger av, og utanfor er privat eige, skal vi då bruke helikopter for å kome til? spør eldstemann Muri oppgitt.

– Det har blitt ein trend at ordføraren er upresis både til pressa, og i si orientering til kommunestyret, held Dagfinn fram, og viser igjen til brevet Endre sende Stryn kommune i forkant av kommunestyremøtet i februar, med innspel til løysing som romma både gangveg og eiga verksemd. Eit innspel dei opplever aldri vart via mykje merksemd.

Bommen på gløtt: Endre Muri trur det skal mykje til for at asfalt-tippen blir stengt.

– Både ved utarbeiding av kommunedelplan, og no sist ved reguleringsplanen, har det vore neglisjert frå kommunen si side alle forslag til løysingar, seier Dagfinn, og meiner dette berre styrkar deira sak dersom det skulle bli oreigning.

– Etter Oreigningslova, paragraf 12 andre ledd, føreligg det plikt til å forsøke å løyse saka med frivilligheit. Når ordføraren seier at det ikkje er meir å diskutere, og det ikkje føreligg alternativ, då har dei ikkje forsøkt, seier Dagfinn.

– Vi les i Fjordingen at kommunen har hatt møter med Mølla, som meiner dette er ein god plan. Då lurer eg på kvifor dei ikkje har hatt møter med oss? seier Endre. Dei ønskjer også å kome med ei påminning til dei folkevalde.

– Kommunestyret kan ut frå vedtaket i februar ikkje fråskrive seg ansvaret om at forhandlingstida no er forbi, slik ein også må tolke ordføraren. Ein ting er klart og sikkert; det må føreligge vedtak i kommunestyret med søknad om oreigning, og der kommunen må bere alle kostnader etter Oreigningslova, uansett kor saka går, seier Dagfinn. Han trur ikkje på ei snarleg løysing, og er slett ikkje sikker på at det er dagens ordførar og kommunestyre som ser det endelege utfallet.

– Ikkje akkurat avstengt: Muri meiner at autovernet, som Statens vegvesen sette opp ved avkøyrsla til asfalt-tippen i fjor, ikkje akkurat signaliserer at dei ønskjer stenge.

Dei gir uansett ikkje opp håpet om å få realisere dei mange planane dei har for området.

– Eg kjøpte eigedomen for å nytte denne til eiga næring både til vanns og til lands. Planane ligg klare. Vi skal utvikle vår næring i tråd med cruisetrafikken i Olden, seier Endre.

– Kva planar har de?

– Nei, det får vi kome tilbake til litt seinare, seier han løyndomsfullt.