Eigedomsskatt var orienteringssak under formannskapsmøte onsdag.

– Det er vi som politikarar som har vedtatt denne skatten og det vi som må svare opp dette, sa stryneordføraren og viste til klager og varsel om rettstvistar om makinskatten blir gjennomført i Stryn kommune.

Avdelingsleiar for kart og oppmåling, Anita Myklebust orienterte om status for eigedomsskatt og maskinskatt.

– Totalt i Stryn kommune er det førebels snakk om 134.000 kroner fordelt på sju bedrifter, før klagegang, sa Myklebust.

– Når vi har gjort vedtak på skatt på næringseigedomar, så inngår maskinskatt i dette. Etter lova har vi ikkje eit val om å fjerne denne, sa rådmann Hovde.

Det var imidlertid ein klar konsensus i formannskapet om å fjerne maskinskatten eller på andre måtar kompensere for denne.

Les også: Ampert om eigedomsskatt

– Det er eit lite beløp det er snakk om, men det er ei viktig prinsippsak. Spesielt sett i lys av at maskinskatten likevel skal fasast ut, sa ordførar Flo.

– Det er mange måtar å kompensere på, men eg vil i første omgang tilrå formannskapet å ha tiltru til handsaminga i sakkunnig nemnd før ein tek stilling til klagene, sa rådmann Hovde.

Fleire gav uttrykk for at dei ikkje visste at maskinskatt var ein del av eigedomsskatten på næringseigedomar då dette vart vedtatt i kommunestyret.

Jan Træen (Ap) poengterte at ein eventuell kompensasjon måtte gjelde alle, ikkje berre dei som har valt, eller vil klage på eigedomsskatten.

Desse slepp eigedomsskatt i 2017