Nordfjord Kjøtt i Loen gjekk betydeleg ned i omsetjing og endå meir i resultat i 2017.

– Omsetjinga vår for 2017 vart 2,018 milliardar kroner, ein nedgang på 12 prosent samanlikna med 2016, opplyser dagleg leiar Geir Egil Roksvåg.

Nedgangen i omsetjing speglar langt på veg nedgangen i mengd produserte varer.

24,3 tonn

– Kvantum 2017 vart 24,321 tonn, ned 13 prosent samanlikna med 2016, fortel Roksvåg.

Nedgangen i produsert volum førte til betydeleg nedgang i driftsresultat og resultat før skatt.

– Driftsresultatet for 2017 vart 35,2 millionar kroner, mot 91,6 millionar året før. Resultat før skatt vart 31,6. Det er ein nedgang på 61 prosent frå 2016. Då oppnådde vi 81 millionar, seier Roksvåg.

– Kva er årsaken til nedgangen?

– Alle har registrert at 2017 vart eit turbulent år for Rema 1000. Vi leverer alt vi produserer til Rema. Difor er det heller ikkje overraskande at vi går ned både i omsetjing og resultat. Men no er 2017 historie.

God fart i 2018

– Det vi konstaterer med glede, er at 2018 har starta bra. Rema 1000 har god fart og utvikling og då har også vi god fart. Vi ser optimistisk på framtida og vel å sjå framover. Det positive er at vi sjølv i eit år som 2017 tener pengar. Så skal vi levere sterkare tal når 2018 er omme, seier Roksvåg.

Nordfjord Kjøtt er desidert største private verksemda i Stryn kommune og talde i fjor 281 årsverk.

Bengt Flaten