– Eg er på Bali for å jobbe som frivillig, først som engelsklærar og så vidare med eit skilpadde-prosjekt.

I skrivande stund har eg lagt bak meg fem veker med undervisning og ei veke med opprydding av boss og plastsøppel på strendene. Hensikta er å legge til rette for skilpaddar slik at bestanden kan kome seg opp att.

Det er masse eg kunne skrive om det eg har gjort her, men eg synest det er betre å fortelje om dei tinga som har brent seg fast i minnet eller i hjartet mitt. Det gir litt meir meining for meg å formidle desse tinga.

Nokre gongar kan det vere godt å få ei motvekt til alt det positive som gjerne blir fortalt om under eit slikt opphald. Eg skal ikkje legge skjul på at å vere frivillig på Bali har både opp- og nedturar.

Eg er altså frivillig under organisasjonen Green Lion som har mange prosjekt rundt om i Asia. Eg er busett i Ubud i innlandet på Bali. Her er det busett frivillige frå heile verda.

I huset eg bur i, kan det bu opptil 50 personar, men no er det lågsesong og ikkje så mange frivillige. Sjølv bur eg saman med seks personar som delar rom. Vi har køysengar, noko som kan vere ein prøvelse då mange kulturar og personlegheiter møtast.

Utfordrande undervisning

Eg starta det frivillige arbeidet med undervisning. Vi fekk tildelt ein klasse der ein til to frivillige underviser elevar frå 2.–6. klasse, to timar kvar ettermiddag. På føremiddagen bruka vi tida til å planlegge undervisningstimane.

Dei første to vekene var harde, for her er det mangel på den disiplinen som vi er vande med heime. Elevane har ikkje alltid respekt for deg som lærar, men heldigvis med litt tid så gjekk det seg til.

Lærar Miriam Flo er fungerande engelsklærar og fortel om veldig hyggelege born, sjølv om disiplinen ikkje alltid er på topp.

Vi var først to som underviste same klasse, men grunna mangel på frivillige enda vi opp med å dele oss, så eg tok ansvaret for 2. klassen.

Det har vore hardt til tider, hardt å sjå elevar som slit med lese- og skrivevanskar. Dei vil så gjerne, men endar opp med å bli frustrerte og sinte når dei ikkje klarar det. Det er spesielt å sjå at der ikkje er eit system som plukkar opp dei som treng det mest. Dei som fell utanfor blir etterlatne til seg sjølve utan at skulen tek ansvar.

Men arbeidet i skulen har og gitt meg mykje glede. Det å sjå kor ungane lyser opp når dei huskar eit ord, sjå gleda dei har av å lære og ikkje minst sjå dei same fem elevane som er der kvar dag, sjølv om undervisninga vi gir er utanom skuletid.

Kollegaer Miriam med finske Helmi og Taleea frå Australia. Desse tre begynte som frivillige lærarar i Ubud samstundes.

Lysta til å lære er stor blant mange. Nokre vil ikkje eingong ha friminutt fordi dei vil lære endå meir. Slikt set seg i deg, fordi dei veit kor heldige dei er som får undervisning i det heile.

– Mangel på frivillige er eit problem

Det som er litt problematisk er mangelen på frivillige, det gjer at mange som kanskje ikkje er «skikka» til arbeidet likevel blir plassert her, noko som går utover elevane.

Ein må sende søknad og CV til organisasjonen, men fordi dei treng alle dei frivillige dei kan få, så kan det resultere i situasjonar der læraren faktisk er svakare i engelsk enn elevane dei skal undervise.

Himmelporten Miriam ved «Heavens gate» som er eit av Bali sitt eldste tempel nord på den indonesiske øya.

Nokre av reiseselskapa har minimums-krav på kor lenge du som frivillig må vere der, det synest eg alle reiseselskap burde ha praktisert. Nokre frivillige kjem for å undervise berre ei veke, og det er lita tid for ungane som i tillegg til å lære nye ting, og skal lære å kjenne personen som skal undervise dei. Det er sjølvsagt bra å ville hjelpe, men ei veke trur eg berre skapar forvirring blant ungane.

Reiseselskap som ikkje har minimums-krav, vil heller tene inn pengane sine. Det gjer meg sint at ting så ofte skal handle om eiga vinning eller å tene pengar. Om eg til dømes hadde booka turen min gjennom organisasjonen hadde eg berre betalt 1/4 av det eg gjer no. Betre råd kunne ført til at folk tok seg tid til å vere her enda lenger og delt enda meir av sin kunnskap med dei lokale.

Perspektiv på livet i Norge

Menneska her er enkle å ha med å gjere. Dei har eit optimistisk syn på livet og er innstilt på at alt ordnar seg. Heime er vi meir negative, synest eg. Vi set kanskje ikkje pris på det å ha si eiga seng, å kunne ete varierte middagar eller å ha varmt vatn i dusjen. Dette er nok ting mange tek for gitt. Å ha reist og budd med så mange folk frå så mange ulike land, har gjort meg meir oppmerksam på kor heldige vi faktisk er.

Ein ser tydeleg kor godt utdanningssystem vi har i Norge og alle dei moglegheitene vi har som ligg rett føre oss om vi berre torer å prøve. Det er flott å møte så mange folk som er på Bali for same grunn som ein sjølv.

Det er godt å få gi av seg sjølv og sin kunnskap for å kunne gjere ting litt betre for andre. Dette er folk som kanskje aldri får sjå eit anna land eller får oppleve ein annan kultur. Det kostar så lite og gler så mange.

langt heimanfrå Slik bur Miriam som frivillig i Ubud.

Ein får og eit nytt syn på ting. Uansett kor klisjeaktig det kan høyrest ut, så gir det eit anna syn på livet og kvardagen. Ein får perspektiv på kva som er viktig og kva ein burde fokusere på. Livet er for kort til å berre fokusere på eiga karriere og eiga vinning og økonomisk suksess. Ein kan faktisk ha suksess og glede i livet med meir viktige opplevingar og vinningar i det lange løp.

Ja, det kosta litt å reise hit, ja det krev mykje av deg som person, men eg ville aldri, for alt i verda, vore forutan alt det gode og vonde eg har støtt på under reisa mi. Det er dei tinga og erfaringane som er viktige i livet, det er dei som formar deg og gjer deg lykkeleg. For meg er dette mykje viktigare enn å reise på chartertur seks år på rad eller kor mange likes ein klarar å få.

Dette vart nok eit annleis reisebrev, men eg er ikkje typen til å skrive eit pynta og upersonleg reisebrev. Eg ønskjer heller å vere oppriktig og ærleg, framfor det «perfekte» som mange strevar etter i kvardagen heime.

Eg håpar eg kan få folk til å tenke.