”Skjønnheten og udyret” inntok i år operascena som skulemuskal ved Eid vgs, og ungdomane imponerte på premiereframsyninga.

Musikalen ”Skjønnheten og udyret” baserer seg på animasjonsfilmen produsert av Walt Disney tidleg på 1990-talet. Historia byggjer på den franske fabelen ”La Belle et la Béte” der ein hovmodig prins vert forvandla til eit uhyre og staben forheksa. Vakre og modige Belle klarer til slutt å sjå bak ein lite tiltrekkjande utsjånad. Elevane skapte ei rørande og fargerik framsyning med vakker song og god skodespelarkunst.

Musikalglede

Aktørane som fyller rollene i skulemusikalen 2018, kjem frå ulike utdanningslinjer og frå store delar av Nordfjord. Ingar Hjelle frå Oppstryn og Sofie Solheim Eide frå Olden er to av aktørane, og begge seier dei har lært mykje av å vere med på musikalen. Ingar og Sofie har ikkje draumar om å leve av musikk eller musikkteater, men begge seier musikken og musikalsjangeren vil vere med vidare som hobby.

- Dansinga, svarer Ingar når vi spør om kva som har vore mest utfordrande i ei framtredanse og utfordrande rolle som Monsieur D´arque.

- Det å lære mange taktskifte og jobbe saman, er Sofie sitt svar på kva som har vore mest lærerikt gjennom vinteren.

Med full trøkk i vinterferien kom alle dansesteg og terping på plass, og ungdomane kan vere stolte av prestasjonane. Ein blir imponert over tolking

Nøgde og sveitte: Det kostar å vere i intens aktivitet i 70 minutt i første akt. Her Ingar Hjelle og Sofie Solheim Eide i pausa før andre akt.
Livleg: Sjarmøren Gaston (Jakob Hagen) i sentrum for damene som er glade over at Belle ikkje ville gifte seg med han. Ingar Hjelle frå Oppstry nr 2 frå venstre.
Lærerikt: Sofie Solheim Eide fortel at musikalarbeidet har vore lærerikt. Regissør Michael Pavelich er imponert over ungdomane som har skapt magi på scena.

av både mindre og sentrale roller.

Godt jobba

Som regissør styrte Michael Pavelich premiereframsyninga med stø hand. Han rosa alle for innsats med å øve flittig for skape magi på scena. Danseinstruktør Candice Bredesen har jobba med koreografi, kostymer og sminke. Elevar har også vore i sving med praktisk arbeid. Geir Hjelle har saman med lærarar og elevar ved design og handverk fått på plass kulisser og rekvisita. UL Fram og Opera Nordfjord har stilt med kostyme og parykkar som Anne Regine Sønderland har tilpassa.

- Det er først no i vinterferien vi har fått jobba intenst. Tidlegare har vi hatt ein time øving i veka, fortalde Pavelich i pausa etter første akt, midt i flokken av skodespelarar som diskuterte ivrig og gledde seg over hyppig applaus. Regissøren var nøgd, og framheva intensiteten som alle har lagt i sine ulike roller.