Fjordingen for 10 år sidan:Forventingane var store til den første revyen i regi Stryn Ping Pong Club. Storsalen i kulturhuset var stappa heilt full med 370 feststemte publikummarar. Og bak sceneteppet venta ein nervøs gjeng på at showet skulle starte. Mange la att hemningane bak scena og var i storform i rampelyset. Sketsjane dominerte programmet med slåande skråblikk på lokale heltar. Tekstforfattarane har hosta opp mange gode poeng, men regien kunne vore stramma litt inn hos eit par av innslaga. Den kunstneriske innlevinga var stor under ein dramatisk rulleskøytedans med Jan Egil Flo og Terje Mundal. Blant dei modigaste denne kvelden var kanskje Magnus Thaule. Først fortalde han om store opplevingar i stand up-show. Seinare stod han bak eit offentleg frieri til stor jubel frå publikum. Men då to av Norges herlegaste entra scena, kokte det heilt over i salen. Geir Tonning stal showet saman med makker Rune Førde, og vann den interne konkurransen om høgste latterbrøl i salen.