Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik og Oskar Guddal Breivik, alle Markane, og Gunn Kristi Tvinnereim frå Hardbagg (bildet), går Young Star i Holmenkollen i helga. Young Star er eit skiskyttarrenn der dei 30 beste 15- og 16-åringane i landet får gå. Bendik Vereide og Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL skal også bryne seg mot dei beste i Holmenkollen.

I 2015 klarte Aksel Mathias Meland frå Markane bragden å gå heilt til topps.