Youngstar 2018 fellesstart skiskyting vart gjennomført i Holmenkollen i helga og der var Markane IL, Hardbagg og Nordfjord godt representert frå Vestlandet. Blant 30 jenter til start, var alle stryningane inne blant topp 10.

Emilie Flo Stavik frå Markane IL gjekk inn på ein imponerande tredjeplass i skiskytinga.

Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim frå Hardbagg IL tok 7. plass og Markane-løparen Maren Hjelmeset Kirkeiede gjekk inn på ein 10 plass.

- Eg er kjempeglad, spesielt når eg går mot 16-åringar, sa 15-åringen Emilie Flo Stavik til NRK som spurde om Emilie sine ambisjonar.

- Eg ser veldig lyst på det, spesielt når vi har så gode treningsforhold heime i Markane, sa Emilie.

Blant gutta klarte Oskar Guddal Breivik frå Markane IL ein 4. plass i tilsvarande løp i Kollen.

Meir om Young Star i tysdagsavisa