Skisalet på sportsbutikkane i Stryn går svært bra i år som følgje av tidleg og mykje snø kombinert med lav temperatur.

Per Ytre-Eide hos Sport 1 og Jan Azar Karadas hos Intersport opplever felle-ski som sesongen sin store trendvinnar. Karadas merkar også at truger får fleire til fjells i vintermånadane. Han trur det i framtida kan bli ei ettertrakta oppleving for den veksande vinterturismen i indre Nordfjord.

«Allrounderen» tek over

Både på Sport 1 og Intersport i Stryn sentrum har det vore oppsving i salet av felleski denne sesongen. Seljarane peikar på «allrounder-fordelen» som årsaka. Mange likar å ha både smøreski og felleski tilgjengeleg for å unngå ubehagelege overraskingar.

– Felleski er eigentleg ein ski nummer to. Ingenting slår gode smøreski på minusgrader og tørt føre. Felleski passar derimot perfekt til milde vestlandsvintrar. På klink is må du ha ski med klister, seier Ytre-Eide.

– Folk flest vil kome seg raskt ut på ski. Dei siste åra har det difor vore fin stigning på salet av felleski, fortel Karadas.

Sel mest i februar

Mesteparten av skisalet byrjar i februar. Turgåinga er hyggelegare då, med meir snø, dagslys og sol, fortel Ytre-Eide. Sesongar med internasjonale meisterskap merkast. Særleg når arrangementet går i Norge.

– Då det var OL på Lillehammer hadde vi vår beste sesong nokon gong. 2010/2011-sesongen var også svært bra, som følgje av VM i Holmenkollen, fortel Ytre-Eide. Han merkar lite til at stjernene sine sponsorar påverkar kva folk vil ha.

– Kundane veit at kvaliteten på alle merka er like god. Variasjon i kvalitet, avheng hovud-sakleg av pris, hevdar han.

Skreddarsydd oppleving

Seljarane merkar mindre press frå nettbutikkane når det kjem til ski enn andre produkt. Dei peikar begge på kompetente seljarar, og tilpassing av utstyr, som hovudårsaka til dette. Ytre-Eide viser stolt fram Sport 1 sin verkstad, med ei rekkje avanserte maskiner og verktøy til skisnikring. Her sliper dei ski, tilpassar sko og finn den optimale smøresona på skia i forhold til kunden si vekt.

– Ein taper enormt mykje meir på eit tabbekjøp når det kjem til skiutstyr enn andre varer. Om du kjøper for store sko på nett, har du plutseleg kasta 6.000 kroner ut av vindauget, seier Karadas.

– Eg trur det er viktig for kundane å møte folk i butikken som er aktive og har god peiling på utstyret, seier han.

– Seljaren sin spisskompetanse er ein viktig tryggheit for kunden. Moglegheit til å «skreddarsy» utstyret er også ein fordel vi har i lokalbutikk-ane, forklarar Ytre-Eide.

Vinterturistar på truger

– Vi har seld ekstreme mengder truger denne sesongen. Dei gjer det lett å komme seg ut, og fram over alt. Eg trur det kan bli enda meir populært, spesielt om det blir lagt opp til fleire turløyper. Om vinterturismen veks, er trugeturar eit ypparleg tilbod, seier Karadas. Han opplever også at mange turistar er lite gjerrige og svært opptekne av kvalitet når dei handlar friluftsutstyr.

– Japanarane til dømes skil seg mest positivt ut. Dei er svært opptekne av kvalitet, og ser ikkje på prislappen, fortel Karadas.

Snøavhengig

Etter ein mild 2016/2017-sesong prisar skiseljarene i Stryn seg lukkelege over den kalde og snørike vinteren.

– I desember var vi 20% over overskot på skisal. Vi justerte ikkje ned budsjettet noko etter ein dårleg sesong i fjor. Vi baserte oss på vanleg vintersal. Det var difor kjekt at vi klarte å levere bra, og at snøen kom tidleg denne sesongen, seier Karadas.

– I år er vi tilbake på eit sal litt over normalt nivå. Det er svært kjekt med tanke på den snøfattige vinteren vi hadde i fjor, seier Per Ytre-Eide.

Truger er i vinden som aldri før, seier Jan Azar Karadas ved Intersport i Stryn. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Avansert utstyr blir brukt for å finne det beste skiutstyret til kunden. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth