Tre stortingsrepresentantar føreslår at det blir oppretta eit statleg vedlikehaldsprogram for fylkesvegnettet. – Sogn og Fjordane støttar framlegget. Det er eit stort behov. Etterslepet på fylkesvegane i fylket er dobbelt så stort som heile budsjettet til fylkeskommunen, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Stortingsrepresentantane Heidi Greni, Ivar Odnes, Siv Mossleth, Willfred Nordlund (Sp) har sendt forslag til Stortinget om eit statleg vedlikehaldsprogram for fylkesvegnettet.

Forslagsstillarane skriv innleiingsvis at fylka har synt seg som gode vegeigarar etter at dei overtok store delar av det statlege vegnettet, og innanfor sine rammer prioritert vegbygging og vedlikehald høgt. Men at mykje av vegnettet fylka overtok var i dårleg stand, med eit stort vedlikehaldsetterslep.

Stortinget: Samferdsledirektør Dina Lefdal og fylkesordførar Jenny Følling på høyring i Stortinget om vedlikehaldsprogram for fylkesvegar.

Kritisk infrastruktur

Forslagsstillarane viser m.a. til transportetatane sin uttale i grunnlagsdokumentet for Nasjonal Transportplan (NTP) 2018–2029, der dei skreiv at det er «et betydelig forfall på fylkesvegnettet. Kostnaden knyttet til utbedring av kritisk infrastruktur som tunneler, bruer og ferjekaier er så omfattende at transportetatene mener det bør vurderes et eget program for fornylese av fylkesveier.»

Opptrappingsplan

Odnes, Greni, Mosseth og Nordlund har difor lagt fram eit forslag om at Stortinget skal be regjeringa utarbeide eit program for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.

Programmet skal skissere ein opptrappingsplan for fylkesvegvedlikehald med forslag til finansieringsmodellar og organisering som skal gje auka vedlikehald og etterslepsreduksjon på fylkesvegnettet.

Saka er til behandling i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

I Sogn og Fjordane er fylkeskommunen den største vegeigaren med om lag 2600 km fylkesveg.

– Det er stort behov for ei statleg tilskotsordning til vedlikehald av fylkesvegnettet. Dette er også god samfunnsøkonomi, heiter det i høyringsuttalen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, som støttar framlegget frå dei tre stortingsrepresentantane.

Over dobbelt så stort

Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal, var denne veka i Stortinget og deltok på høyring om forslaget til statleg vedlikehaldsprogram for fylkesvegnettet.

– Vi har 2.600 km fylkesveg, noko som utgjer nesten 80 prosent av vegnettet i fylket. Og vi har eit økonomisk etterslep på 4,1 milliardar på desse vegane, fortel Jenny Følling til Fjordingen.

Dette er dobbelt så mykje som heile det fylkeskommunale budsjettet, som er på 2,1 milliardar kroner.

– Dette understrekar nettopp behovet for eit fylkesvegprogram der ein kan legge inn pengar for å ta etterslep på fylkesvegnettet framover, seier Følling.

10 mil med tunnelar

– Det er tunnelvedlikehaldet som er «den store elfanten» her, seier fylkesordføraren.

– Vi har 10 mil med tunnelar, og etterslepet der 2,6 milliardar kroner åleine. Og så har vi ein annan tung post på vegfundament, vegdekke og drenering. Der er det eit etterslep på 1,5 milliardar. Her snakkar vi m.a. om strekningane med telehiv, og tette stikkrenner som fører til flaum.

Hovudbodskapen til fylkeskommunen er difor at Sogn og Fjordane støttar representantforslaget om å lage eit eige program for å redusere.

– Dette er noko vi er avhengige av for å kunne ivareta fylkesvegane og gje eit tilbod som vert godt nok for folk og næringsliv i fylket, seier Følling.