Heile 50,3 sekund føre Østerrike, gjekk ein lukkeleg Johannes Thingnes Bø i mål til stormande jubel frå eit fullsett Kollen.

Det norske laget, beståande av Lars Helge Birkeland, Tarjei Bø, Henrik L'Abée-Lund og Johannes Thingnes Bø, brukte berre tre ekstraskot på totalt 40 skot. Utklassinga i jaktstarten var såleis eit faktum.

Østerrike kom på andreplass og Russland kom på tredje, nesten minuttet bak det norske laget.

- Ein fantastisk dag her i Kollen, utgangspunktet mitt kunne ikkje ha vore betre, sa Johannes Thingnes Bø som gjekk siste etappe framfor heimepublikummet han veit å setje pris på.

- Eg har gått mange stafettar etterkvart og nervane er borte. Det er berre å bruke all den energien som finns langs løypene og vere den beste versjonen av seg sjølv. All ære til lagkameratane, sa Johannes til NRK.

Bror Tarjei var sjølvsagt kjempenøgd og rosa både lagkameratar og smøreteamet.

- Heilt fantastisk gode ski i dag. det var ein leik, konkluderte Tarjei som ikkje kunne smile breiare.